Overingeniør
Drift/teknisk divisjon/ Medisinsk-teknisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Overingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Medisinsk teknisk avdeling (MTA) har ledig stilling som overingeniør ved seksjon for analyse og diagnostikk.
MTA forvaltar medisinsk teknologi og informatikk i Helse Bergen. Vi tar også del i forsking, utvikling og innovasjon og har ansvar for utstyr til heimebehandling av pasientar. Arbeidsoppgåvene spenner over eit stort spekter som for eksempel å delta i anskaffingar og installasjon, planlegge og utføre service og oppdateringar, utarbeide rutinar og dokumentasjon og konfigurere medisinsk utstyr og IKT-systemløysingar. Avdelinga legg stor vekt på kompetansebygging med kursing både internt og eksternt. Hovudfokuset for avdelinga sine om lag 90 tilsette er at meir enn 50000 utstyrseiningar og tilhøyrande IKT-systemløysingar skal kunne nyttast til beste for pasientane, og være trygge å bruke for pasientar og behandlarar. MTA er ein del av Drift/teknisk divisjon.
Arbeidsoppgåver
Seksjon for analyse og diagnostikk deltar i forvalting av medisinsk utstyr og tilhøyrande IKT-systemløysingar innan ei rad ulike utstyrskategoriar som til dømes laboratorieutstyr, dialyseutstyr, laser, endoskopi, elektrofysiologisk utstyr til EMG/EEG og utstyr til utgreiing av sjukdomar innan søvn, høyrsel og balanse. Arbeidsoppgåvene i denne stillinga vil hovudsakeleg vere knytt til elektrofysiologisk utstyr til EMG/EEG. Avhengig av kompetanse, interesse og Helse Bergen sitt behov vil den som blir tilsett få oppgåver innan andre utstyrskategoriar også.
- Utføre reparasjonar, planlagde kontrollar/vedlikehald, oppdateringar og konfigurasjon
- Delta i anskaffingar av nytt utstyr og tilhøyrande IKT-systemløysingar
- Delta i/utføre mottak, risikovurdering og driftsetjing av utstyr og IKT-systemløysingar, oftast saman med leverandørar og andre samarbeidspartnarar
- Utarbeide rutinar og dokumentasjon
- Delta i opplæring av teknisk og klinisk personell
- Samarbeide med klinisk og teknisk personell for å sikre best mogeleg bruk av utstyr og IKT-systemløysingar til beste for pasientane
- Andre oppgåver etter behov
Den som blir tilsett må regne med å få hovudansvar for forvalting av medisinsk utstyr og tilhøyrande IKT-systemløysingar innan tildelte utstyrskategoriar. Opplæring blir nokre gonger gjennomført hos leverandør eller produsent slik at ein må rekne med å reise på kurs i samband med jobben.
Kvalifikasjonar
- Mastergrad i medisinsk teknologi, automasjon, elektronikk eller liknande. Annan utdanning kan vurderast ved særskild relevant erfaring
- Det er ønskeleg med erfaring innan forvaltning og vedlikehald av medisinsk utstyr
- Førarkort kl. B
- Språk:
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Må meistre engelsk både munnleg og skriftleg
Utstyret som blir nytta er ofte IKT-basert og den som blir tilsett må ha både kompetanse og interesse for å arbeida med slikt utstyr. God forståing for informasjons-sikkerheit og personvern i medisinsk utstyr og tilhøyrande ikt-systemløysingar er nødvendig. Vi ønsker også at den som blir tilsett har kunnskap om kunstig intelligens eller er interessert i å tileigne seg slik kunnskap.
Det er ønskeleg med samtykke frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) til å arbeide med reparasjon av elektromedisinsk utstyr. Dersom ein ikkje har samtykke, vil opplæringsløp bli lagt opp for å oppnå dette.
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du er vennleg og hjelpsam mot kollegaene dine
- Du arbeider ryddig, målretta og strukturert
- Du tar initiativ og har evne til å gjennomføre arbeidsoppgåver
- Du tilpassar deg lett - er serviceinnstilt, løysingsorientert og fleksibel
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og spennande stilling ved eit av dei største sjukehusa i Noreg
- Ein allsidig jobb med gode moglegheiter for utvikling
- Opning for å delta i strukturert opplæringsløp, faglege forum, konferansar og liknande
- Eit stabilt arbeidsmiljø prega av stort mangfald både i utdanningsnivå og profesjon (fag)
- Årleg fellessamling for alle i avdelinga med fokus på arbeidsmiljø
- Moglegheit for å vera medlem i eit aktivt bedriftsidrettslag
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Pensjon og forsikringsvilkår i KLP
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kjell Magne Nupen, Seksjonsleiar, 55972646Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4892361878
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Kjell Magne Nupen
Seksjonsleiar
55972646
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2805415
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5930d45479f34ca58406e841fc029def