Ingeniør - Prosjektleiar
Sygnir AS
6852 Sogndal
Om jobben
Stillingstittel
Ingeniør - Prosjektleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. juni
Ingeniør - Prosjektleiar
Ta del i framtidsretta energiprosjekt i Sogn
Din arbeidskvardag
Som prosjektleiar blir du ein sentral del av arbeidet med å realisere framtidas energiløysingar. Hos oss jobbar me tett saman i eit sterkt fagmiljø, og du får høve til å byggje relasjonar og dele kunnskap med både kollegaer og eksterne partnarar.
Aktuelle arbeidsoppgåver
- Leie prosjekt frå start til slutt – frå planlegging og berekningar til gjennomføring og ferdigstilling
- Gjennomføre tekniske og økonomiske analysar som grunnlag for beslutningar
- Sikre framdrift og kvalitet i prosessar på tvers av fagmiljø og samarbeidspartnarar
- Bidra til utvikling av metodar, arbeidsprosessar og prosjektpraksis
- Vere ein pådrivar for løysingsorientert gjennomføring og leveransar av høg kvalitet
Ønska kvalifikasjonar og fagleg bakgrunn
Me ser etter deg som har utdanning som fagskuleingeniør, bachelor eller master innan elkraft/energi og miljø. Du har gjerne erfaring frå prosjekt innan fornybar energi eller infrastruktur. Du har evne til å sjå heilskap og drive prosjekt framover på ein målretta måte, samtidig som du kommuniserer godt på norsk – både munnleg og skriftleg.
Er du den me ser etter?
Er du trygg i faget ditt, likar å jobbe i team og tek ansvar når det trengst? Har du lyst til å jobbe med noko som betyr noko – saman med folk som bryr seg om både kvarandre og jobben sin? Då trur me du vil trivast hos oss i Sygnir.
Me trur på at mangfald styrkar oss, og ynskjer alle kvalifiserte søkarar uansett bakgrunn og erfaring velkommen.
Ta kontakt med avdelingsleiar for distribusjonsnettet Vidar Øvretun på tlf. 917 08 418 for meir informasjon.
Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.
Kontaktperson for stillingen
Vidar Øvretun
Avdelingsleiar for distribusjonsnettet
917 08 418
Om bedriften
Me i Sygnir jobbar med små og store, framtidsretta prosjekt. Hjå oss møter du eit engasjert og sosialt arbeidsmiljø med dyktige prosjektleiarar og ingeniørar. Du får utvikle deg både fagleg og som leiar.
I Sygnir bidreg me til det grøne skiftet – ikkje på papiret, men i praksis. Me drifter og moderniserer det brattaste straumnettet i Noreg, og står framfor store investeringar i framtidsretta energiløysingar. No søkjer me ein dyktig prosjektleiar som vil styrke satsinga vår på utbygging av distribusjonsnettet.
Fritidstilboda har du like utanfor kontordøra, på kort tid er du ved fjorden eller på 1000 høgdemeter og kan heile året boltre deg på tallause stiar og fjelltoppar.
Sektor
Privat