Hopp til innhold

Assistent og kokkar med fagbrev

Arbeidsgiver

Seksjon for kjøkken og kantine SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Assistent og kokkar med fagbrev
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vi søkjer nye kollegaer til kjøkkenet ved felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal!

Vi har no flytta inn i det nye akuttsjukehuset for Nordmøre og Romsdal, og har behov for fleire dyktige tilsette på kjøkkenet.
Kjøkkenet vårt produserer mat til pasientar, kafé og kiosk – med stor vekt på eigenproduksjon. Vi leverer også møtemat og catering til ulike føremål.
Vi har eit moderne produksjonskjøkken med 1-2-3-serveringssystem for pasientar, og avdelingskjøkken med matvertar til opphaldsromma for inneliggjande pasientar.
I kafeen finn du eit variert utval med påsmurt mat, varme og kalde rettar, sveler og heimelaga bakst. Vi drifter også ein ubetjent kiosk med smart vareskap, som tilbyr eit breitt spekter av mat, drikke og kioskvarer.

Etterspurnaden etter tilboda våre har auka mykje – og vi søkjer derfor frå snarast:

  • Ei fast 100% stilling som kokk med fagbrev
  • Eit 100% vikariat som kokk med fagbrev
  • Ei fast 100% stilling som assistent

For alle stillingane er det ønskjeleg med oppstart snarast muleg.

Vi ønskjer oss kokkar med fagbrev, men søkjarar utan fagbrev, som har relevant erfaring og praksis, er også velkomne til å søkje på kokkestillingane.

Dette er ein travel, men inspirerande arbeidsplass der du får vere med på mykje spennande.

Har du lyst til å bli vår nye kollega? Søk, då vel!

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.


Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av varm og kald mat
  • Tilberedning og servering av mat og drikke i kafé 
  • Utporsjonering for 1-2-3
  • Matvert ved avdelingskjøkken
  • Varemottak
  • Aktiv bruk av seksjonen sitt kvalitetssystem
  • Bruk av seksjonen sine digitale verktøy

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev for stillingane som kokk
  • Relevant erfaring for assistent, det kan også kompensere for fagbrev som kokk
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst og påliteleg
  • Du arbeider sjølvstendig og strukturert
  • Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er ein god lagspelar
  • Du er positiv til endring og likar utfordringa

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Nordmøre og Romsdal!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.

Kontaktinformasjon

Eli Nytun Sæther, Seksjonsleiar, +47 90250756, eli.nytun.sether@helse-mr.no

Arbeidssted

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5019365723
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 31.10.2025

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2c360ed5-d55f-47ce-99cb-2389a65efda3

Sist endret

1. november 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

94df6b78d68e4ae39b0f871a992de8eb

Lignende annonser

Laster lignende annonser