Kulturskulelærar Kunstfag deltid 20%
Time Kulturskule, Time kommune
Ola Barkveds veg 16, 4340 Bryne
Om jobben
- Stillingstittel
- Kulturskulelærar Kunstfag deltid 20%
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 20%
- Arbeidstid
- Ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. april
Me søkjer deg som ivrar for kunstfagleg opplæring og som vil vera del av lærarkollegiet i ein attraktiv, framtidsretta og aktiv kulturskule.
Time kulturskule har 20 tilsette og om lag 720 aktive elevplassar.
Skulen tilbyr allsidig undervisning innan dei fem fagområda musikk, dans, drama, kunstfag og skapande skriving. Nokre av lærarane har del-stilling for kunstnarisk utøving med formidlingstilbod til institusjonar og prosjektbasert undervisning i barnehage og grunnskule. Vi har regionalt nettverk med kulturskular i nabokommunane. Kunstfag har etablert samarbeid med Bryne kunstforening.
Kulturskulen sin base ligg sentralt og nært Bryne sentrum/Bryne togstasjon. Me har samlokalisering med Bryne skule om undervisningsrom og aula, og hovudvekta av den faste undervisninga skjer her. Kunstfag har noko desentralisert undervisning på Frøyland skule.
Me har nært samarbeid med lokalt kulturliv, helseinstitusjonar, grunnskule og barnehage. Det er ei viktig målsetting å vera synlege i lokalsamfunnet og elevane skal læra, utøva og oppleva gjennom dei estetiske faga. Kulturskulen forvalter eit viktig samfunnsoppdrag og tilbyr opplæring av høg kvalitet.
Time kulturskule arbeider etter "Rammeplan for kulturskulen - Kulturskule for alle" og har i tillegg lokale fagplanar. Undervisningsplattformen har fokus på "eleven som glødande punkt" og Vurdering for læring. Vår felles verdiplattform består av "kunstnarisk kompetanse og kreativitet, engasjement, samarbeid, ansvar, trivsel og respekt".
Kulturskulen i Time har tidlegare hatt nasjonal status som Demonstrasjonskulturskule. I dag er skulen eit etablert ressurssenter og ein samhandlande organisasjon for kunst- og kultur i lokalsamfunnet. Vi arbeider etter visjonar for "Framtidas kulturskule i framtidas kommune".
Arbeidsoppgåver
Den nye kunstfaglæraren skal vera del av Time kulturskule sitt faste lærarkollegie og faglege fellesskap. Me ønskjer at du:
- Behersker å undervise i ulike kunstfaglege teknikkar og materialbruk
- Har erfaring med gruppeundervisning
- Er fleksibel til å kunne tilby supplerande undervisningsopplegg for prosjektarbeid
- Deltek aktivt i kollegasamarbeid i kulturskulen sin kunstfagseksjon
- Deltek aktivt i kulturskulen si personalgruppe
- Underviser i samsvar med "Rammeplan for kulturskulen - Kulturskule for alle" og lokal fagplan, utarbeider årsplan for eigne elevgrupper
- Arbeider for kvalitet, mangfald, inkludering og samhandling
- Arbeider etter felles nedfelt visjon, målsetting og verdiplakat
Kvalifikasjonar
Time kulturskule har eit høgt utdanna og dedikert personale. Det er ønskjeleg at vår nye kunstlærar har følgjande kvalifikasjonar:
- Høgskule/universitetsutdanning med kunstfag som fagområde, bachleor- eller masternivå
- Utdanning m/integrert- eller tilleggsfag innan pedagogikk/metodikk/PPU
- God kompetanse som utøvande kunstnar
- Har erfaring frå undervisning i kulturskule, eller anna relevant undervisningspraksis
- Beherskar undervisning på ulike nivå, frå nybegynnar til vidarekomne elevar i gruppe
- Evner å by på deg sjølv i eit kollegafellesskap
- God munnleg og skriftleg norskkompetanse, minimum B1-nivå
- Utdanning frå utlandet må vera HKdir-godkjend (ev. tidlegare godkjenning frå NOKUT)
Du må laste opp relevante vitnemål og arbeidsattestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
Time kulturskule søkjer deg:
- Som har gode kunstnariske og pedagogiske ferdigheiter
- Som kan legga til rette for god læring og meistring
- Som trivst i lag med barn og ungdom
- Som med fagleg dyktigheit har evne til å sjå den enkelte elev individuelt og i gruppesamanheng
- Som er samhandlande og samtidig tek ansvar for sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Som har gode samarbeidsevner og kan bidra positivt i eit kollegialt jobbfellesskap
- Som evner å ta initiativ, engasjere deg, koma med innspel og bidra til utvikling og nyskaping
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsettingsprosessen
- Lovkrav om gyldig politiattest etter opplæringslova § 17-11 jf politiregissterlova §39 fyrste ledd, denne må framleggast før tiltreding
Vi tilbyr
- Eit godt, triveleg og levande arbeidsmiljø
- Kollegie med høgt kvalifiserde lærarar innan ulike kunstnariske fag
- Arbeidsfellesskap som er opptatt av å finne gode løysingar og å gjera kvarandre gode
- Aktivitet med prosjekt, opptredenar og utadretta verksemd for både elevar og lærarar
- Variert og allsidig arbeidsinnhald, sjølvstendig og samhandlande arbeidsform
- Lønn etter gjeldande tariff for kulturskulelærarar
- Gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Guri Årsvoll, RektorArbeidsstad
Ola Barkveds veg 164340 BRYNE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5100539780
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 08.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Guri Årsvoll
Rektor
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2c1fa1ea-fffe-4ae3-b13e-2a6a61a86bae
- Sist endret
23. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1920468165e341f69c8e4870203caa2d