Hopp til innhold

Fagarbeidar/assistent

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Seksjon barnehage

Sted

Rådhusgata 7, 6090 Fosnavåg

Om jobben

Oppstart
3. august 2026
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. juli

Vi søker engasjerte og omsorgsfulle fagarbeidarar og assistentar. I vår ledige stilling får du moglegheita til å vere ein viktig del av kvardagen til barna, der leik og læring står i sentrum.

For barnehageåret 2026/2027 er det ledig ei 100 % mellombels stilling som fagarbeidar/assistent i Moltu barnehage.

Fleire vikarstillingar kan bli ledig i dei andre kommunale barnehagane. Vi tilset då fleire, og tilbod om stilling kan bli andre stader. 


Arbeidsoppgåver

  • arbeide med barn i tråd med lov, forskrift og lokal rammeplan
  • støtte opp om arbeidet med å fremme gode læringsmiljø for alle barn
  • følgje opp barn med behov for ekstra hjelp og støtte
  • utføre praktiske oppgåver både ute og inne

For arbeid i barnehage må du følgje barnehagen sitt vaktsystem.

Kvalifikasjonar

  • primært fagbrev som barne- og ungdomsarbeider, anna relevant utdanning kan bli vurdert
  • erfaring frå arbeid med barn
  • gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
  • grunnleggande datakunnskapar

For arbeid i barnehage er det krav om bestått norsk prøve i tråd med føringar i barnehagelova § 27.
Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp i Webcruiter saman med søknaden.

Personlege eigenskapar

  • har høg relasjonskompetanse
  • er god på samarbeid både med barn, føresette og andre tilsette
  • er ein god rollemmodell, og ein trygg og tydeleg vaksenperson
  • deltek aktivt ilag med barna både ute og inne
  • er fagleg engasjert, løysingsorientert, strukturert og fleksibel

Vi tilbyr

  • ein spennande, variert og meiningsfylt arbeidskvardag der barna si utvikling står i sentrum
  • eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • heilskapleg tenking i og rundt pedagogiske opplegg
  • samarbeid og lærande fellesskap
  • pensjons- og forsikringsordning i KLP
  • IA-bedrift 

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Vi tilset etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan bli offentleggjort. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299

Arbeidsstad

Rådhusgata 7
6090 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5150921975
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 30.07.2027
Søknadsfrist: 13.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Elisabeth Warpe

Avdelingsleiar barnehage

+47 97942299

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2c1bb598-2c91-4f41-9bf2-155195a48263

Sist endret

29. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9068640b757942788a37de599fb82ff4

Lignende annonser

Laster lignende annonser