Klima- og miljøkonsulent, 50% prosjektstilling
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
PLT. Klima- og miljøkonsulent, 50% prosjektstilling frå snarast og eitt år fram
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Gulen kommune arbeidar målretta med å redusere klimaendringane og bidra til eit miljøbevisst samfunn. Ein av målsettjingane til kommune er at ein skal legge til rette for at innbyggjarane har kjennskap til, samt nyttar miljømessige gode løysingar. I tråd med dette, er det sett i gong eit prosjekt for å få framgang i arbeidet. Me lyser no ut ei eittårig prosjektstilling på 50%, kor vedkomande som vert tilsett skal drive prosjektet fram. Oppstart snarast/etter avtale. Prosjektet går ut på at innbyggjarane skal innvolverast slik at ein saman i kvardagen tek gode miljømessige val, og arbeidar for å legge til rette for å auke sirkulærøkonomien hjå forbrukarane. Prosjektet ligg innunder eining for plan, landbruk og teknisk.
Me er på jakt etter ein engasjert og sjølvgåande person som ynskjer å drive fram prosjektet og vere med i prosessen med prosjektplanen før den vert endeleg vedteken.
Ta gjerne kontakt med kontaktpersonen i annonsen for meir informasjon om stillinga.Arbeidsoppgåver
- Informasjonsformidling via eigna digitale kanalar for forbrukarretta informasjon
- Engasjere innbyggjarar som har vist særleg interesse for å delta i arbeidet
- Etablere samarbeid med avfallshandteringsselskap og andre organisasjonar
- Halde seminar om temaet
- Vurdere å etablere ulike digitale løysingar for å få i gong gode sirkulærløysingar for forbrukarar
Kvalifikasjonar
- Ynskeleg med 3–årig utdanning på høgskule- eller universitetsnivå innanfor relevant fagområde
- Arbeidserfaring frå fagfelt og prosjektleiing
- Gode evner til å sette deg inn i det bakgrunnsmateriale som er utarbeidd på fagfeltet
- God på å sette deg inn i nye digitale system
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlege
- Har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Ha stort engasjement og interesse for klima og miljø
- God samfunnsforståing
- Vert motivert av å kunne bidra til ei klima- og miljøvenleg samfunnsutvikling
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kunne arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagd ved tilsetjing
Me tilbyr
- Spanande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter til å utvikle deg, ta initiativ og styre din eigen arbeidskvardag. Me har fleksitid, og kan vurdere delvis heimekontorløysing ved behov
- Hjelp til å skaffe bustad
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkarjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2228 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted