Pedagogisk leiar Nørve barnehage 100% fast stilling
Ålesund kommune, Barnehagar Ålesund midtre
Bøgata 39, 6008 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar Nørve barnehage
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
100% fast stilling som pedagogisk leiar ved Nørve barnehage frå 01.08.2026.
Nørve barnehage ligg sentralt i midtre bydel, med kort veg både til byfjellet og fjøra. Dette gir oss unike moglegheiter til å vere mykje ute på tur.
Språk og leik er viktige satsingsområder, og vi har også eigne mål for alle kvardagsaktivitetar. Barnehagen har lyse og trivelege lokale, samt eit variert uteområde med mellom anna grillhytte og akebakke. Hos oss møter du små og aldersdelte barnegrupper og eit engasjert, stabilt personale som brenn for å kombinere leik, omsorg og læring. Vi har eit godt arbeidsmiljø og fornøgde foreldre – på Nørve trivst både små og store!
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiar har ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet i si barnegruppe i nært samarbeid med føresette og andre tilsette ved barnehagen.
- Pedagogisk leiar har ansvar for å iverksette og lede det pedagogiske arbeidet på si avdeling i tråd med aktuelt lovverk
Kvalifikasjonar
- For stilling som pedagogisk leiar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
- God IT-kunnskap og -forståing.
- På grunn av samansetting i personalgruppas vert menn oppfordra til å søke.
- Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller midlertidig tilsett som barnehagelærar, må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkjar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV
- Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato
- Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju
Personlege eigenskapar
Vi søker ein medarbeidar som:
- har solid kunnskap om barns utvikling og behov
- er opptatt av barns rett til medverknad og involvering
- evner å bidra positivt i ein levande og lærande organisasjon
- har gode samarbeidsevne og kommunikasjonsferdigheter og er ein lagspelar
- har gode leiaregenskapar
- trivast i ein aktiv kvardag med barn, og takle stress og høgt arbeidspress i periodar
- er tydeleg, klok og omsorgsfull i relasjon til andre
- er positiv, initiativrik, engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- vere open for å jobbe både på småbarn og storbarnsavdeling
- kan arbeide sjølvstendig med pedagogisk arbeid og planverk i tråd med Lov om barnehager
- evner å bidra til eit godt foreldresamarbeid
Personlege egenskapar vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader.
- Løn etter gjeldande tariff.
- God pensjonsordning i KLP.
- En miljøfyrtårnsertifisert barnehage.
Kontaktinformasjon
Marthe Lundemo, Verksemdsleiar, 41518135, marthe.lundemo@alesund.kommune.noArbeidsstad
Bøgata 396008 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5098534089
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2bc56324-c1e9-4124-8a76-2851ef07d0a0
- Sist endret
27. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2ac8afc3757c4ee2946fc01d9752818a