Nestleiar i HAFS interkommunale barnevernteneste
Fjaler kommune HAFS Interkommunale barnevernteneste
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig nestleiar i 100% fast stilling til HAFS barnevernteneste. Vi ønskjer oss ein nestleiar som er oppteken av å møte tilsette, brukarar og samarbeidspartar på ein audmjuk og trygg måte.
HAFS barnevernsteneste er ei teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi har 6 fagstillingar og 2,5 tiltaksstillingar med kontorstad på Fjalerhuset, Dale i Sunnfjord. Tenesta arbeider etter generalistmodellen, der tilsette arbeider med alle delar av barnevernsfaget. Vi vektlegg å møte barn, familiar og samarbeidspartar der dei høyrer til, noko som betyr noko reiseverksemd i arbeidet.
Barnevernfeltet er i stadig utvikling, og du som nestleiar vil vere ein viktig samarbeidspart for barnevernleiar for å sikre gode tenester til brukarane i HAFS. Du vil få eit særskilt ansvar for arbeid med kompetanseutvikling i tenesta og samarbeide tett med leiar, både som diskusjonspartnar og med oppgåver i dagleg drift. I leiar sitt fråvær vil det og vere nestleiar som tek over leiinga av barneverntenesta. Som nestleiar er det viktig at du har eit godt overblikk over samarbeidsinstansar og -system.
I tett dialog med leiar vil du få eit særskild ansvar for oppgåver som t.d introduksjon av nye tilsette og å sikre gode opplæringsplanar i tenesta. Det vil og ligge til stillinga å følgje opp kompetanse- og utviklingsplanar og det er difor viktig at du trivast med fagleg rettleiing og er oppteken av kompetanseutvikling.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for opplæring og kompetanseheving
- Sakshandsaming etter barnevernlova
- Systematisk arbeid med meldingar, undersøkingar og tiltak
- Fosterheimsoppfølging
- Direkte tiltaksarbeid med barn og foreldre
- Samarbeid med andre instansar i akutte situasjonar/kriser
- Oppfølging av oppdragstakarar i tiltak
- Deltaking i interkommunal telefonvakt som er delt mellom 7 kommunar
- Oppfølging av drift av barneverntenesta i samarbeid med leiar
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskuleutdanning, fortrinnsvis som barnevernspedagog eller sosionom
- Ønskjeleg
- erfaring frå kommunalt eller statleg barnevern
- god kompetanse på gjeldande rutinar og lovverk
- relevant vidareutdanning
- Førarkort Kl. B
- Det blir vektlagt om ein er personleg egna til stillinga
Personlege eigenskapar
- Gode rettleiingsevner
- Kunne leie faglege møte både internt og eksternt
- Stå stødig i vanskelege avgjersler
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig løn
- 50 000,- alltid på topp tillegg
- Intern og ekstern rettleiing
- Mogelegheit til å ta vidareutdannig
- Gode pensjonsordningar
- Rabatterte forsikringar i KLP
Er du interessert i vite meir om oppgåvene og arbeidsplassen? Då håper vi du tek kontakt med oss.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2290080
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3130865_175421_nn