To stipendiatstillingar ved European University Institute (EUI) i Firenze
Universitetet i Bergen
Italia
Om jobben
- Stillingstittel
- To stipendiatstillingar ved European University Institute (EUI) i Firenze
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Engelsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 15. januar
Stipendiat
Det er ledig to stipendiatstillingar (100%) ved European University Institute (EUI) i Firenze. Oppstart i stillingane i september 2027. Stillingane er ledig for ein periode på tre (3) år, med moglegheit for stipend for eit fjerde år.
Stillingane er finansierte av det norske kunnskapsdepartementet. Stipendiatane vert teken opp i eit av ph.d.-programma ved EUI, med Universitetet i Bergen som arbeidsgjevar.
Om EUI og ph.d.-programma
European University Institute er eit europeisk forskingsuniversitet innan humaniora og samfunnsvitskap som ligg i Firenze i Italia. EUI har ph.d.-program innan historie, økonomi, samfunnsvitskap og rettsvitskap. Stipendiatane knytt til ph.d.-programma kjem frå 25 ulike europeiske land. Gruppa med stipendiatar er organisert i kull, med samtidig oppstart kvar haust.
Søkjarane som får tilbod om stipendiatstilling, får opptak til eitt av dei fire ph.d.-programma.
Ph.d.-utdanninga er normert til fire år.
Meir informasjon om EUI, programma og søknadsskjema finn du her: Doctoral Programmes
Kvalifikasjonar og krav:
- Søkjaren må vere norsk statsborgar eller ha permanent opphaldsløyve i Noreg.
- Søkjaren må ha mastergrad eller tilsvarande grad.
- Søkjarar som har fullført doktorgrad, kan ikkje bli tilsette i stipendiatstilling innan det same fagområdet.
- Det er EUI som vurderer om fagbakgrunnen til dei som søkjer opptak er relevant for det einskilde ph.d.-program.
Løn og andre vilkår:
- Løn som stipendiat, som for tida svarar til ei brutto årsløn på NOK 593.700.
- Etableringsstipend det første året etter satsane til forskingsrådet: NOK 300 000 for enkeltperson og NOK 516 000 ved familie
- Driftsmidlar: NOK 50 000 pr år
- Stipend det fjerde året. Opptak til det fjerde året må stipendiaten søkja EUI om. Ved innvilga opptak vert det gjeve stipend frå EUI og UiB.
Slik søkjer du stillinga:
Lenke til EUI sitt søknadsskjema finn du her: Doctoral Programmes.
Informasjon om faglege krav i søknaden, innhald i programmet og arbeidskvardagen kan ein få ved å sjå på «FAQs and Contacts» under det einskilde program.
Generell informasjon:
Informasjon om arbeidsforholdet til UiB og UiB si forvaltning av avtalen kan ein få ved å kontakte:
Seniorrådgiver Yngve Brynjulfsen, yngve.brynjulfsen@uib.no,
+47 55 58 33 82
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2bc0b2bd-555e-400a-aff1-e0e986daeec3
- Sist endret
18. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10316318