Fagarbeider ved Måndalen skule
Rauma kommune Måndalen barne- og ungdomsskule
Voll, 6386 Måndalen
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, deltid 70%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Stilling
Fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar i 70% komprimert stilling, per tiden ved Måndalen skule. Moglegheit for 100% stilling samla i kommunen.
Vi søkjer ein engasjert og dyktig fagarbeidar ved Måndalen skule. Som fagarbeidar vil du bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø for elevar, og samarbeide tett med lærarar og øvrig personale.
Arbeidsoppgåver
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag gjennom mellom anna:
- Utføre faste oppgåver knytt til enkeltelevar og grupper i samarbeid med dei øvrige tilsette.
- Vere medansvarleg for gjennomføring av aktivitetar i skole, og kunne ta sjølvstendig ansvar for aktivitetane.
- Delta i samarbeidsmøter på trinn og i personalmøter.
- Å vere ein barnerettleiar som hjelper til med å utvikle barn og unges sosiale kompetanse.
- Fagbrev Barne- og ungdomsarbeider
- Erfaring frå arbeid med barn og unge, gjerne i skole eller SFO.
Søkjarar med anna relevant utdanning og/eller erfaring kan bli vurderte for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du evner å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- Du jobbar godt i team, og er lojal til felles avgjerder
- Du tenker positivt, har godt humør og likar å jobbe med menneske i alle aldrar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Engasjerte kollegaer med god kompetanse
- Framoverlente skoleleiarar som inspirerer og leier sitt personale i utviklinga av Raumaskolen
- Eit godt arbeidsmiljø basert på medverknad, engasjement, profesjonalitet og ansvarlegheit
- I skuleåret er det aktuelt å arbeide inntil 100% med fri i elevfrie periodar (komprimert arbeidsår). Rauma kommune ønskjer heiltidskultur, dvs at dei tilsette har 100% stilling. Om du har kompetanse og ønskjer det vil kommunen prøve å leggje til rette for ei 100% stilling i kommunen, slik at du og kan arbeide i elevfrie periodar.
Søknad
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing:Les Søkerveiledning - Rauma kommune eller epost til personal@rauma.kommune.no dersom du opplever tekniske utfordringar.
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.
Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.
Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet.
Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2b88061d-fb2c-49da-bcf6-44b6383ee5db
- Sist endret
9. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3597721_195131_nn