Lege i utdanningsstilling -fordjuping
Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fordjupingsstilling for LIS
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest onsdag 4. juni
Laboratorieklinikken i Helse Bergen er ein av dei største leverandørane av laboratorietenester i landet. Laboratorieklinikken har over 900 tilsette og er fordelt på åtte einingar: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Avdeling for patologi, Mikrobiologisk avdeling, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Avdeling for medisinsk genetikk, Kreftgenomikk, Biobank Haukeland og Seksjon for bioinformatikk.
Laboratorieklinikken har stor forskingsaktivitet og godt samarbeid med andre sjukehus og universitet. Det lysast ut fordjupingsstillingar for LIS for ein periode på to år. Stillingane vil vere delt 50/50 mellom forsking og rutinearbeid innan eit av dei 6 laboratoriefaga (patologi, immunologi og transfusjonsmedisin, medisinsk mikrobiologi, medisinsk genetikk, klinisk farmakologi og medisinsk biokjemi). Både interne og eksterne kandidatar er velkommen til å søke stillingane. For eksterne søkarar blir kandidaten oppfordra til på førehand å ta kontakt med avdelingssjef ved aktuell avdeling der ein ønsker spesialistutdanning for å diskutere aktuelle forskingsprosjekt. For interne søkarar ber vi om at søknad om fordjupingsstilling for LIS forankrast med avdelingssjef.
Arbeidsoppgåver
- Etablere og iverksette eit sjølvstendig forskingsprosjekt. Prosjektet skal forankrast i eitt av forskingsmiljøa i Laboratorieklinikken
- Prosjektet må gjennomførast innan ein av laboratoriespesialitetane, og søkjar må angi kva spesialitet/avdeling ein søker stilling ved. Søkar vil høyre til den aktuelle avdelinga i prosjektperioden
- 50% rutinearbeid som LIS og 50% forsking
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling
- Ferdigheiter og kunnskap som er nødvendig for å utføre arbeidsoppgåvene
- Tidlegare publikasjonar og forskingserfaring blir vektlagd
- Prosjektets kvalitet og relevans for Laboratorieklinikken vert vektlagd
- Kvalitet på forskingsmiljøet blir vektlagd
Personlege eigenskapar
- Interesse for forsking
- Gode samarbeidsevner
- Evne til sjølvstendig arbeid og å drive prosjekt framover
- Personlege eigenskapar vert vektlagd
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
- Løn etter gjeldande avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Legg ved eventuell publikasjonsliste og ei kortfatta prosjektbeskriving (maks 3 sider).
Kontaktinformasjon
Gunnar Mellgren, Klinikkdirektør, 55974366Linda Sleire, Ass.direktør, 99246588
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4964296009
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 04.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Linda Sleire
Ass.direktør
99246588
Gunnar Mellgren
Klinikkdirektør
55974366
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2943698
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dc02cd419eb2497abb4d894537ba72c1