Sjukepleiar
Medisinsk sengepost 1 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
21. juli 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 27. mai
- 100% vikariat. For tida 3-delt med nattarbeid kvar 3.helg. Periode: 21.07.25-31.08.26
- 80% vikariat. For tida dag/aften med arbeid kvar 3.helg. Periode: 01.06.25-31.12.25
- 85% vikariat. For tida dag/aften med arbeid kvar 3.helg. Periode: 01.06.25-31.08.26
Vikariata har moglegheit for forlenging.
Vi ser etter deg som er nyutdanna og klar for ei bratt læringskurve i eit trygt arbeidsmiljø, der du alltid har nokon å spørje.
Vi ser òg etter deg som har nokre års erfaring som sjukepleiar og har lyst på nye utfordringar i eit triveleg og fagleg sterkt arbeidsmiljø.
Her på Medisin1 jobbar vi med fagfelta lunge og kardiologi. Vi er ein gjeng, både nye og erfarne, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og legar, som saman jobbar for å gi best mogleg tilbod til pasientane våre. I tillegg jobbar vi tett ilag med poliklinikkane og fleire har kombinerte stillingar mellom sengepost og poliklinikk. Vi trur at dette er med på å forsterka både det faglege miljøet og behandlinga til pasientane våre.
Vi har 24 sengar fordelt på 3 team derav 2 hjarte- og 1 lungeteam. Vi har ansvar for pasientar som m.a kjem inn med; brystsmerter, hjartesvikt, rytmeforstyrringar, lungekreft, KOLS, lungefibrose og astma. Dette er hovuddiagnosane som vi har ansvar for, men her behandlar vi òg andre generelle diagnosar.
Det er viktig for oss at pasientane kjenner seg trygge og ivaretekne under innlegginga. Vi har difor fokus på kompetanseheving for våre tilsetja og jobbar kontinuerleg med forbetringsarbeid. Vi har melom anna eigne fagdagar i regi av våre fagsjukepleiarar. Vi har og byrja med simulering som ein del av kompetansehevinga vår. Vi er opptekne av god kvalitet i tjenestane som vi tilbyr og håpar difor at du er fagleg engasjert og oppteken av å utvikla deg vidare.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV
Arbeidsoppgåver
- Observasjon og behandling av pasientar i akutt sjukdomsfase og kroniske forløp
- Dekke pasienten sine grunnleggjande behov
- Førebygging av komplikasjonar og ivaretaking av pasientsikkerheit
- Gje forsvarleg medisinsk behandling og sjukepleie
- Utøving av god omsorg til pasient og pårøyrande
- Bidra til fagutvikling i avdelinga
- Bidra aktivt i avdelinga si forbetringsarbeid
- Koordinere tenester i pasientbehandlinga både internt og eksternt
- Gjere seg kjend med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningslinjer
- Studentrettleiing (nyutdanna har ikkje rettleiaransvar før ein har jobba eitt år)
Kvalifikasjonar
- Offentleg norsk godkjend sjukepleiar
- 3.års sjukepleiarstudentar kan også søke
- Eignaheit, endringskompetanse og stabilitet vektleggast
- God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollega
- Må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg, evt. anna skandinavisk språk
- Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver
Personlege eigenskapar
- Positiv og fleksibel
- Vilje til å sikre eit godt arbeidsmiljø på alle nivå
- Fagleg engasjert
- Teamorientert
- God kommunikasjon og samhandling
- Evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og strukturert
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Inger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, +47 70105642, inger.k.reiten@helse-mr.noArbeidssted
Ålesund sjukehus, Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4960180036
Stillingsprosent: 100, 80, 85%
Vikariat
Startdato: 21.07.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 27.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2941386
- Hentet fra
talentech
- Referanse
712c3dafaa0a46919bc4706baa418167