Helsefagarbeidar/hjelpepleiar/omsorgsarbeidar i fast 100% stilling
Surnadal kommune Heimetenesta
BÃ¥rdshaugvegen 35, 6650 Surnadal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Heimetenesta har ledige stillingar i fast 100% for helsefagarbeidar/hjelpepleiar/omsorgsarbeidar.
Stillingane inngår i turnus med arbeid f.t tredje kvar helg.
Arbeidsoppgåver:
- pleie og omsorgsarbeid
- respons på tryggeiksalarmar ??
- Oppfølging av tiltak og tilhøyrande dokumentasjon
- tverrfagleg samarbeid
- rettleeing av elevar, lærlingar og studentar
- samarbeid med pårørande, legevakt, ambulanse og andre
Andre oppgåver i Heimetenesta kan bli aktuelt.
Avdelingsleiar/Oversjukepleiar er næraste overordna.
Kvalifikasjonar/krav til kompetanse:
- fagbrev og autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar, evt anna helsefagleg bakgrunn kan vere aktuelt
- gode kommunikasjonsevner på nors, både muntleg og skriftleg
- kunne bruke dataverktøy til dokumentasjon og for å finne informasjon
- fagkompetanse og basiskompetanse som bidreg positivt til fagutvikling
Vi ønskjer oss medarbeidarar som:
- er fagleg trygge
- er motiverte til å lære og er pådrivarar til utvikling og endring
- bidreg til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø
- har vilje og evne til sjølvstendig arbeid, men som òg er gode i teamet
Vi tilbyr:
- Eit arbeidsmlijø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter gjeldande avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Heimetenesta organiserer heimesjukepleie, heimehjelp, rehabililtering og dagsenter for eldre. I tillegg samarbeider vi med Inn på Tunet-tilbydarar og saksbehandlar søknader om omsorgsstønad og brukarstyrt personleg assistent.
Vi er til saman 60 tilsette og held til i sentrum av Surnadal.
I Surnadal har Heimetenesta aukande oppdragsmengd med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at alle innbyggjarane får bu heime så lengje dei ønskjer det. Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har sjukepleiar med rehabiliteringskompetanse, fysioterapeut og ergoterapeut som del av det tverrfaglege arbeidet.
I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i mellom anna geriatri, demens, psykiatri, rus, legemiddel, kreft og diabetes. Vi har også eigen fagutviklingssjukepleiar.
Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar.
Heimetenesta arbeider etter metoden "Helheltlig pasientforløp i eget hjem" -HPH, som er utvikla i samarbeid med NTNU og St.Olavs hospital.
KS og Helsedirektoratet arbeider no med å etablere HPH i alle kommunar.
Vi brukar Gerica som fagsystem.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2499111
- Sist endret
23. desember 2023
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3269573_188829_nn