Brenn du for å gjera ein skilnad for barn og unge? Då kan Undarheim skule (Husnes barneskule) vera den rette staden for deg!
Kvinnherad kommune Undarheim skule
Røsslandsvegen 5, 5460 Husnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar i 100% fast stilling - Undarheim skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 31. juli
Me søkjer no etter ein engasjert lærar i 100% fast stilling frå hausten 2025. Du som søkjer, ønskjer å skapa eit trygt, inkluderande og stimulerande læringsmiljø, og ser verdien av å samarbeida tett med både elevar, kollegaer og føresette.
Kven er vi?
Undarheim skule er ein barneskule med om lag 200 elevar og ei elevgruppe som speglar mangfald – hos oss er om lag 15 nasjonar representerte.
Me har eit godt arbeidsmiljø, der om lag 40 dedikerte og hyggelege tilsette jobbar saman for å skapa eit trygt, inkluderande og utviklande skulemiljø. Hos oss vert du sett, høyrt og oppmuntra – og du får bidra til noko som betyr noko, kvar einaste dag.
Snart inn i nye lokale
Våren 2026 flyttar me inn i eit heilt nytt skulebygg og blir Husnes barneskule – og det er me stolte av. Bygget er teikna i tett samarbeid med dei tilsette, og vil innehalda: lydstudio, skaparverkstad, amfi og fleksible undervisningsrom. Det er også moderne og gode arbeidsrom for dei tilsette.
Skulen får eit innbydande uteområde og ligg tett ved flotte turområde – og ikkje minst: vegg i vegg med Kvinnherad Arena, ein ny fleirbrukshall med klatrevegg, trampolinar og mange aktivitetsmoglegheiter.
Arbeidsoppgåver
- Undervisa i ulike fag i grunnskulen
- Klasseleiing og relasjonsbygging
- Kontaktlæraransvar kan vere aktuelt
- Bidra i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid
- Samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar (utviklingssamtalar, foreldremøte m.m.)
- Skape og vedlikehalda eit trygt, inkluderande og læringsfremjande miljø
Kvalifikasjonar
- Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for arbeid i grunnskulen
- Ønske om ein av følgjande:
- GLU 1-7
- GLU 5-10
- Allmennlærarutdanning
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og trygg klasseleiar
- Strukturert, sjølvstendig og systematisk
- Utviklingsorientert og lærevillig
- Gode samarbeidsevner og relasjonell tryggleik
- Positiv, løysingsorientert og bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing.
Kvifor velja Undarheim og Kvinnherad?
Kvinnherad kommune er først i landet med gratis SFO, og tilbyr støtte til flytting etter avtale. Her får du høve til å bu og arbeida i eit område rikt på fjell, fjord, klatring, turar og naturopplevingar – og eit lokalsamfunn der folk kjenner kvarandre og trivst.
Kjenner du deg igjen?
Då vil me gjerne høyra frå deg!
Send inn søknad – og bli med på reisa vidare mot framtidas Undarheim skule (Husnes barneskule).
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK/KLP
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2b685726-7e5b-48d3-bd4a-9c0df1842b66
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3519441_226037_nn