Bu- og avlastingstenesta for barn og unge treng nye medarbeidarar
Sunnfjord kommune Bu- og avlastningstenesta
Hafstadvegen 42, 6809 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/ vernepleiar og helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver. Vi søker deg som vil vere med på å gjere ein forskjell i barn og unge sine liv.
Vi har ledig:
- Stilling 1: 100 % fast stilling som autorisert sjukepleiar/ vernepleiar
- Stilling 2: 100 % fast stilling som autorisert helsefagarbeidar
Delar av stillingane er i heim på natt.
Om stillingane:
Hos oss handlar kvar dag om å skape gode og trygge rammer for barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar.
Vi ser etter deg med eit stort hjarte som ynskjer å nytte din fagkompetanse til å gjere ein skilnad.
Vi legg opp dagane i samråd med føresette, barn, unge og samarbeidspartar etter barna sine ynskjer, interesser og behov.
Her får du vere med på alt frå klatring, sykling, bading, ski, trampolinepark og fotball, til rolege aktivitetar som brettspel, teikning og kos inne - alltid med fokus på meistring, tryggleik og glede – ein har i stor grad mogelegheit til å legge opp arbeidsdagen sin sjølv. Du vil jobbe tett med føresette, skule, barnehage, spesialisthelsetenesta og andre som yt tenester til barn og unge for å sikre eit heilskapleg tilbod.
Ein jobbar i tredelt turnus med arbeid tredje kvar helg.
Arbeidsoppgåver:
- legemiddelhandtering
- skape trygge dagar gjennom tydeleg struktur og varme relasjonar
- legge til rette for og gjennomføre meiningsfulle aktivitetar tilpassa den enkelte sitt funksjonsnivå
- samarbeide med interne og eksterne instansar
- planlegge, følgje opp og evaluere tiltak
- oppdatere tiltaksplanar
- fagleg, etisk og trygg gjennomføring ved behov etter Helse- og omsorgstenesteloven kap. 9
- journalføring i fagprogrammet Cosdoc
- matlaging, klesvask og anna førefallande arbeid
Du må:
- ha førarkort kl. B
- ha norsk autorisasjon som sjukepleiar gjeld stilling 1
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar stilling 2
- meistre godt norsk skriftleg og munnleg
- vere sjølvstendig samt kunne samarbeide
- vere personleg eigna og ha interesse for fagfeltet
Gyldig politiattest av ny dato må leverast før oppstart i stilling.
Du bør:
- vere tolmodig og ha eit ynskje om å jobbe med barn og unge.
- bidra til eit positivt arbeidsmiljø og dele fagkunnskap med kollegaer
Vi tilbyr:
- ein meiningsfull kvardag der du kan gjere ein skilnad
- eit inkluderande, fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø
- varierte dagar med mykje aktivitet og glede
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Du må søke elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2b5fb40c-1a2e-4534-8940-f1c06b8a7fe8
- Sist endret
20. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3608217_143427_nn