Barnehagelærar og fagarbeidar/ assistent
Ulvik barnehage
5730 Ulvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar og fagarbeidar/ assistent
- Type ansettelse
- Annet, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. april
Ulvik barnehage ligg på Lekve, ca to km. frå Ulvik sentrum. Her er eit stort og flott uteområde, med tilgang til eit rikt nærmiljø med både natur- og kulturopplevingar.
Barnhagen har fire avdelingar, to småborns- og to storbornsavdelingar, med plass til rundt 60 born tilsaman.
Ulvik herad er ein heilskapleg kommune, der barnehagen er ein sentral del av fellesskapet. I barnehagen skal dei yngste innbyggjarane møta ein trygg arena for utvikling, leik og samspel. Me legg stor vekt på høg fagleg kvalitet og jobbar aktivt for at dei tilsette får utvikla og vidareutvikla kompetansen sin.
Ulvik herad har starta bygging av ny barnehage.
Hovudsatsing for barnehagen er inkluderande barnehagemiljø og berekraft, samt uteaktivitet og natur som læringsarena. Målet til Ulvik barnehage er også «Ein stad der alle trivst»Ulvik barnehagen har ledige stillingar med tilsetjing frå 12.08.2026
Ulvik barnehage har ulike stillingar ledige:- 1 100 % fast barnehagelærar – Saksnummer 26/706
- 2 100 % fast stilling som fagarbeidar/assistent – Saksnummer 26/707
- 1 100 % vikariat fagarbeidar/assistent 01.08.26 – 01.08.26 – saksnummer 26/708
Løn etter gjeldande tariff og lokale føringar
Det kan verte aktuelt å tilsetja fleire.
Kvalifikasjonar
Er du barnehagelærar, fagarbeidar eller assistent er du velkomen som søkjar.
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Me søkjer etter deg som kan samarbeida i team, kan kommunisera godt med barn, kan arbeide sjølvstendig, ynskjer å læra av og med andre, er utviklingsorientert, har positivt barnesyn, har humor og god relasjonskompetanse.
Søknadsfrist : 10. april, 2026
Søk elektronisk via "søk på stilling" knappen på denne siden og merk med saksnummer
Lysinga er publisert på heimesida til Ulvik herad ulvik.kommune.no
Spørsmål om stillingane i barnehagen kan rettast til styrar
Sonja Haugland, tlf 40007140
E-postl: sonja.haugland@ulvik.kommune.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2b4f4d7f-1835-461f-b475-77817acdae0c
- Sist endret
20. mars 2026
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4559646