Saksbehandlar i UDI – Ein jobb med meining
UDI
Innspurten 11D, 0663 Oslo, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Saksbehandlar i UDI – Ein jobb med meining
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
15
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Som saksbehandlar i tenesteområdet Opphald blir du ein del av våre fagleg dyktige og engasjerte team. Vi er fagekspertar med hjarte for brukarane våre og som er opptekne av å sikre god forvalting av regelverket. Vi behandlar ulike typar søknader frå utanlandske borgarar frå land utanfor EU/EØS som ønskjer å flytte til Noreg fordi dei har familie her, eller fordi dei ønskjer å studere eller arbeide her. Vi behandlar òg søknader om visum frå personar som ønskjer å vitje Noreg, samt søknader om permanent opphaldsløyve og norsk statsborgarskap. Vi ønskjer medarbeidarar som er fleksible og kan bidra på tvers av team og sakstypar når behovet endrar seg.
Du blir ein del av eit direktorat som satsar stort på digitalisering av tenestene våre, og vi treng dyktige medarbeidarar som har digital interesse og som ønskjer å vere med på denne transformasjonen. Vi skal skape effektive og gode løysingar for brukarane våre. Samstundes som vi jobbar med utvikling, er det òg viktig å forvalte dagens system og behandle sakene vi har.
Vi skal primært tilsetje i faste stillingar, men det kan òg bli behov for mellombelse stillingar med varigheit ut 2026. Dette vil vi få avklart i løpet av intervjuprosessen. Det er ønskjeleg med snarleg oppstart.
Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere å:
- Behandle søknader etter utlendingslova og statsborgarskapslova
- Klagesaksbehandling
- Rettleie brukarar og samarbeidspartnarar via telefon, e-post og chat
- Bidra til smartare måtar å jobbe på, som gir betre brukaroppleving og kortare ventetid
- Vere budd på å bidra der det til ei kvar tid er behov
Kvalifikasjonar
Du må ha:- Mastergrad, fortrinnsvis innan rettsvitskap eller statsvitskap. Ein bachelorgrad med relevant erfaring kan kompensere for masterkravet
- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Det er ønskjeleg med:
- Erfaring med rettleiing av brukarar
- Relevant erfaring frå offentleg forvalting
Personelge eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har ein analytisk tilnærming og raskt set deg inn i problemstillingar
- Er strukturert, god til å prioritere og har gjennomføringsevne
- Er ein lagspelar med gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Trivst med brukarkontakt og kommuniserer godt med ulike mottakarar
- Er digitalt nysgjerrig og har interesse for utvikling og forbetring
- Tek initiativ til eiga læring og utvikling
- Har god rolleforståing og identifiserer deg med UDIs kjerneverdiar: menneskeverd, profesjonalitet og heilskap
Kvifor skal du velje oss?
Vi er ein innovativ arbeidsplass som legg stor vekt på utvikling og forbetring av saksprosessane våre, med høg grad av medarbeidarinvolvering. Her er kva tre av dine framtidige kollegaer seier:
«Det beste med jobben som saksbehandlar i UDI er at ein jobbar med noko samfunnsnyttig og meiningsfullt. Det kjennest viktig å bidra til rettstrygg behandling av saker som har stor betydning for enkeltmenneske, samstundes som ein er del av eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø.»
«Som saksbehandlar i UDI får du spennande og varierte oppgåver. Det beste er breidda i sakene ein jobbar med.»
«UDI er ein fleksibel arbeidsplass, der eg i stor grad kan påverke min eigen arbeidskvardag.»
Vi held til i nye og flotte lokale på Helsfyr, med ein svært god kantine. Vi tilbyr gode ordningar som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass – og ikkje minst dei beste kollegaene i landet (meiner vi).
UDI er opptekne av mangfald. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det – til dømes tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, oppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en, funksjonsnedsetjing eller innvandringsbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
Praktisk informasjon
Stillinga er løna som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) i lønsspennet 585 000 – 750 000 kroner. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Eit lønstrekk på to prosent gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse.
På grunn av ferieavvikling kjem vi som er kontaktpersonar ikkje til å svare på førespurnader fortløpande, men vi går gjennom e-postane og tek tak i eventuelle spørsmål når vi er tilbake på kontoret
Kva skjer no?
Du søkjer via WebCruiter. Du må fylle ut CV og søknadsfelt sjølv om du legg ved søknad/CV i eige format. Du må òg leggje ved vitnemål frå Vitnemålsportalen. Du lastar direkte opp frå Vitnemålsportelen i Webcruiter. Har du utdanning frå utlandet, må den vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Du kan be om å bli unnateken, men må grunngje kvifor. Dersom ønsket ikkje kan innvilgast, tek vi kontakt med deg.
Kontaktinformasjon
Cecilie Sande Amundsen , Kompetanseleder i Opphold , csa@udi.noMaria Rosenblad , Teamleder, mand@udi.no
Hanne Grimsrud , Teamleder, hsme@udi.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: UDIReferansenr.: 4991357044
Stillingsprosent: 100%
Fast, Engasjement
Søknadsfrist: 17.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2b2baa4c-65ea-4a93-a6bd-e003355b1869
- Hentet fra
talentech
- Referanse
35dbcffe33e04b8980a8ab538beddfe8