Songlærar i Vinje kommune – vikariat 20%
Kultur, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Songlærar i Vinje kommune – vikariat 20%
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Har du ei sterk røyst – både musikalsk og pedagogisk? Vinje kulturskule søkjer ein engasjert songlærar til eit vikariat i 20 % stilling.
Som songlærar ved kulturskulen får du høve til å undervise elevar i ulike aldrar og nivå – frå nybyrjarar til vidarekomne – og bidra til å utvikle både songteknikk og formidlingsglede. Du blir ein del av eit lærarmiljø, der samarbeid og elevmedverknad står i sentrum.
Dette er ei stilling for deg som ynskjer å dele songgleda di og skape trygge rom for musikalsk utfalding. Her får du vere med å prege kulturskulen sitt tilbod og bidra til eit levande musikkliv i Vinje.
Stillinga er organisert i verksemda kultur og fritid, som arbeider for å tilby eit mangfaldig, inkluderande og inspirerande kulturtilbod til innbyggjarane i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Individuell undervisning
- Gruppeundervisning
- Bidra i samspelsgrupper/band
Kvalifikasjonar
- 3-årig kulturfagleg utdanning og praktisk pedagogisk utdanning
- Utdanning innan song og musikk
- Erfaring med arbeid med barn og unge
- Erfaring med å formidle og lære bort song.
Erfaring frå tilsvarande stilling kan erstatte utdanningskravet.
Personlege eigenskapar
- Gode formidlingsevner og evne til å inspirere
- Tolmodig, lyttande og elevfokusert
- Strukturert og sjølvstendig i arbeidet
- Gode samarbeidsevner og bidreg i kollegafellesskapet
- Open og allsidig i møte med ulike musikalske uttrykk
Saman med elevane må du vere:
- Blid og imøtekommande
- Open og inkluderande.
Vi tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, kristian.rantala@vinje.kommune.noArbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4977008427
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2b257be4-f94d-454d-a614-af467a3b12d2
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9b21cb6949354c81a11e8e1c705a5775