Er du vår nye dekkssjef på hurtigbåt?
Maritim Drift, Fjord1 AS
Fiskepiren 1, 4013 Stavanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Dekkssjef i 2:3 turnus på hurtigbåt i Stavanger
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 25. august
I denne stillinga arbeider du 2 veker på jobb og 3 veker fri. Arbeidsordninga gir høve til å reise heim etter endt vakt, og legg til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid. Rederiet dekker reise til og frå arbeidsstad, og ved behov tilbyr vi hybel i arbeidsperioden med kort avstand til kaien.
Som dekkssjef vil du ha ei viktig rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet, med eit overordna leiaransvar for dekk. Dette er ei stilling med ansvar der du får arbeide operativt og løysningsorientert. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både reisande og mannskap får ei trygg og god oppleving.
Her får du ein jobb som gir tryggleik og stabilitet, samtidig som du får ansvar, fagleg utvikling og gode kollegaer rundt deg.
Oppstart oktober/november 2026. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Leiing av dekksavdeling
- Vere avløysar for skipsførar
- Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk
- Teknisk og operativ tryggleik, inkludert vedlikehald og beredskap
- Sikring av personleg tryggleik for både mannskap og passasjerar
- Utføring av oppgåver i samsvar med gjeldande stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- Minimum D4 sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling.
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
- Kvalifikasjonsbevis for navigatør på hurtiggåande fartøy.
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
- Flotte hybelar rett ved kaien
- Reise til og fra jobb blir dekka, etter dei retningslinjene som er fastsette.
- Fleksibel skiftordning: 2 uker på jobb – én uke nattarbeid og én uke dagarbeid – etterfulgt av 3 uker fri.
- Vi tilbyr gode ordningar og legg til rette for utvikling for deg som ønsker å ta steget vidare.
- Gode velferdsordningar; som muligheita for å leige hytter/ leilegheiter, behandlingsforsikrning, støtte til trening og gode rabattordningar.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
Fiskepiren 14013 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5163437447
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2b1b04eb-ae4b-4830-9b77-1f1543479b37
- Sist endret
12. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
07f0f2ef827347b6a48917d3c77062a4