2.maskinist i 2:4 turnus
Fjord1 - Maritim Drift
E39, 4150 Rennesøy
Om jobben
- Stillingstittel
- Frå 2.maskinist til maskinsjef.
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 2. oktober
Fjord1 har oppretta opplæringsstilling som 2. maskinist på sambandet Arsvågen – Mortavika.
Dette er ei unik moglegheit for deg som har ambisjonar om å bli maskinsjef og ønskjer ei langsiktig karriere hos oss. Du blir tilsett som 2. maskinist og får tett oppfølging og rettleiing frå erfarne kollegaer. Når den forventa kompetansen er oppnådd, vil du kunne tre inn i ledige stillingar som 1. maskinist – med mål om å utvikle deg vidare til maskinsjef.
Turnusordninga er 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noe som gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt av Fjord1.
Dette sambandet er ein av dei mest trafikkerte ferjestrekningane i landet – her er det alltid aktivitet, og du får ein jobb der dagane går fort og utfordringane er spennande. I denne stillinga må ein rekne med å tjenestegjere på alle fartøya i sambanda, per i dag MF Boknafjord, MF Stavangerfjord, MF Mastrafjord, MF Raunefjord og MF Bergensfjord. Du vil også inngå i ei alterneringsordning mellom teneste i maskin- og dekksavdelinga.
Tilsetjing skjer etter avtale, med ønskje om oppstart snarast mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Gjere seg kjend med sikkerhetsstyringssystemet.
- Gjere seg kjend med rutinar som gjeld stillinga.
- Gjere seg kjend med beredskapsfunksjonen i samsvar med alarminstruks.
- Gjere seg kjend med verne- og miljøarbeid, samt bruk av verneutstyr.
- Utføre maskinvakt og førefallande arbeid om bord
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde og at kjemikalium vert handtert etter prosedyrar.
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin.
- Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Kvalifikasjonar
- Minimum M4-sertifikat
- Ferdigheitssertifikat, vidaregåande IGF
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- FSE lav- og høyspenning
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig løn etter tariffavtale mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Fleksibel skiftordning: 2 veker på, 4 veker av, noko som gir deg god tid til både arbeid og fritid.
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode.
- Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningstøtte og gode rabattordnigar.
- Treningsrom om bord i fartøyet.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
E394150 Rennesøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim DriftReferansenr.: 5182150910
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
033fbf70-cf0b-41a2-a79a-ffd067f6cdf8
- Sist endret
17. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d65a1e20469c4c17b474881cd989761a