Marknads- og kommunikasjonskonsulent
Ulstein Group
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Marknads- og kommunikasjonskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Ulstein er eit familieeigd selskap med meir enn 100 års historie. Vi arbeider innan det maritime området med å designe, byggje og levere løysingar til skip. Visjonen vår er klar: å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Vi likar å utfordre bransjen og kome opp med løysingar som reduserer miljøavtrykk og gir kundane våre konkurransefortrinn.
Korleis er det å jobbe i Ulstein?
Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar.Som marknads- og kommunikasjonskonsulent i Ulstein vil du kommunisere med heile verda. I tillegg til i Noreg vil du få kollegaer i Nederland, Polen og Kina, og kundane våre finn du på alle kontinent. Dette er med på å gjere jobben innhaldsrik og interessant.
Kommunikasjonsavdelinga jobbar i stab under konsernleiinga.
I eit internasjonalt konsern kan enkelte dagar bli hektiske, men vi er gode på planlegging, og til å ta omsyn og hjelpe kvarandre. Vi får også mykje gode tilbakemeldingar på jobben vi gjer, noko som skaper ei positiv drivkraft i det daglege.
Kva oppgåver skal løysast?
Vi ser etter ein marknads- og kommunikasjonskonsulent med interesse og teft for nye trendar og moglegheiter i verktøy og program.
I Ulstein er vi opptatt av gode kundereiser på tvers av kanalar. For å lykkast her jobbar vi med å sette oss inn i kunden sine behov og bidra med hjelpande innhald som kan gi svar på spørsmål som kunden har. Du må kunne produsere innhald på norsk og engelsk, for intern og ekstern bruk og nytte ulike kanalar for å nå ut med bodskapen.
Du vil vere med å planlegge, produsere og publisere innhald i sosiale media og på nettsida vår. Grafisk produksjon, foto og film er typiske oppgåver, som fordrar eit godt visuelt blikk og ferdigheiter i Adobe-programma.
Vi samarbeider med HR-avdelingane om langsiktig rekruttering overfor born og unge, vi tek i mot besøk, har omvisingar og jamn kontakt med media. Avdelinga vår har det overordna ansvaret for berekraftsarbeidet i konsernet.
Kvardagen for deg på avdelinga
Du vil få to fagleg nysgjerrige, utadvente og kjekke kollegaer i kommunikasjonsavdelinga.
Avdelinga arbeider planmessig og strukturert, men kvardagen rommar også overraskingar og nye innspel. Du bør derfor evne å legge ting til sides for å ta unna oppgåver som dukkar opp.
Avdelinga har fokus på å spele kvarandre sterke og vi hjelper kvarandre, samtidig som vi arbeider sjølvstendig når oppgåvene tilseier det.
Du bør like å vere tett på oppgåvene, og finne glede i å skape. Dette kan være ein reflekterande tekst, eit fengslande bilete eller fengande kortfilm.
Typiske oppgåver kan vere:
- Grafisk produksjon, tekstproduksjon, foto, film/filmredigering
- Planlegging og gjennomføring av digitale og andre kampanjar
- Oppdatering av nett og sosiale media
- Bidra i marknadsførings- og kommunikasjonsprosjekt - Langsiktig rekruttering og samfunnskontakt, medieoppfølging
Kvalifikasjonar
For å trivst i ein jobb skal ein kjenne på meistring og utfordring. Vi meiner det er enklare å finne denne balansen om du har:
- Høgare utdanning innan grafisk produksjon/kommunikasjon/digital kommunikasjon/marknadsføring/PR
- Minimum 3 års erfaring med relevant PR-/kommunikasjonsarbeid
- Kjennskapt til Adobe-verktøy som InDesign, Photoshop og Premiere Pro
- Erfaring frå publisering i sosiale media og CMS-løysingar
- Kunne skrive for nettet og i publikasjonar på norsk (nynorsk) og engelsk (britisk)
Vi tilbyr
- Ein inspirerande og engasjerande jobb der ingen dag vil vere lik
- Ein innovativ og internasjonal arbeidsplass
- Gode og støttande kollegaer i avdelinga og i konsernet elles
- Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Konkurransedyktig løn
- Fleksitidsavtale
Kontaktinformasjon
Tonje Øyehaug Ruud, Public Relations Manager, 98683712Sølvi Gjerde, HR Director, 92417105
Arbeidssted
Osnesvegen 1106065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Ulstein GroupReferansenr.: 4737169865
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.12.2023
Om bedriften
Vi er på jakt etter deg med kunnskap og erfaring, som vil vere med på å løyse krevjande utfordringar. Er du opptatt av å gjennomføre, kan du vere med på å gjere visjonar verkelege saman med Ulstein.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2496755
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a9692c6b098341cd89c0ededc469cc08