ID 2000 Rektor - Leirvik skule
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Rektor,, einingsleiar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Skulane i Stord har fokus på kvalitetsutvikling, inkludering og tverrfagleg samarbeid. Endrings- og utviklingsarbeid er eit felles ansvar, der me ønsker å gjera kvarandre gode og spela på lag med kvarandre.
Leirvik skuleLeirvik skule, med sine om lag 360 elevar og 50 tilsette, er ein av 10 grunnskular i kommunen. Leirvik skule er ein lærande organisasjon med eit godt og inkluderande arbeidsmiljø og god delingskultur.
Leirvik skule jobbar for å skapa eit trygt, inkluderande og inspirerande skulemiljø, der alle viser omsorg, ansvar og respekt. Elevane på Leirvik skule skal oppleva meistring og læringsglede, få utvikla evnene sine og få ei opplæring som er tilrettelagt eigne evner og føresetnader.
Leirvik skule har ledig fast 100 % stilling som rektor, frå og med 01.08.2023 Me søkjer ein leiar som- vil utvikla og leia det pedagogiske arbeidet på skulen i samarbeid med elevar, foreldre/føresette, lærarar og andre tilsette gjennom godt partssamarbeid
- er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set
- har god kompetanse på gjeldande lover og forskrifter for grunnskulen og kommunen sine plikter i medhald av desse
- har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
- er truverdig, engasjert og samlande og gjer relevante val
- er positiv, initiativrik og strukturert
- veit korleis ein skal byggja god organisasjonskultur og praktisera relasjonsleiing
- har evne til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- involverer seg i skulekvardagen på eigen skule og i Stord kommune
- Søkjarane må ha pedagogisk utdanning og praksis, samt kompetanse innan administrasjon/leiing.
- Kommunen legg til grunn sentralt vedtekne krav om kompetanse. I tillegg til formell kompetanse og erfaring vil ein også leggja vekt på at søkjaren er personleg eigna til stillinga.
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. Jf. Opplæringslova § 10-9.
Stord er ein to-nivå--kommune, og rektor har vide fullmakter innan vedtekne rammer. I tillegg til det faglege og pedagogiske ansvaret, har rektor ansvar for personal, drift og økonomi. Rektor rapporterer til kommunalsjef, og har leiaravtale med denne der rettar, plikter og mål vert omtala.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
Dersom søkjar ønsker å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert teke til følgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til fungerande leiar for grunnskulane Siri Marie Erland, tlf. 911 50 400, eller rektor Bjarte Bongom, tlf. 930 57 857.
Om bedriften
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2284098
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
2afdb87d-6cf5-4f66-864c-00205bee4cd7