Læreplass som ernæringskokk
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 2120, 2940 Heggenes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Læreplass som ernæringskokk
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 31. juli
Øystre Slidre kommune har 1 ledig læreplass som ernæringskokk (institusjonskokk) frå hausten 2025.
Som lærling får du ein plan for opplæringa, og du har arbeidsplass på kjøkkenet på Øystre Slidre helsetun. Vi har lang erfaring med å ha lærlingar, og vi legg til rette for deg opplæringsløpet. Helsetunet var nytt i 2021, og kjøkkenet er moderne og tilrettelagt.
Som lærling skriv du lærekontrakt og arbeidsavtale. Du har dei same rettane og pliktene som andre arbeidstakarar i kommunen. Læretida varar i 2år.
Etter 2 år som lærling går du opp til fagprøve. Øystre Slidre kommune er tilknytta Valdres opplæringskontor.
Søkjarar til læreplass må sende søknad med vitnemål/karakterar frå Vg1 og Vg2 (kan leggast til i webcruiter). Gje ein kort beskriving av kven du er, og skriv gjerne kvifor du ynskjer læreplass i vår kommune.
Søkjarar til læreplass blir vurdert fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Som lærling får du god opplæring i dei oppgåvene ein ernæringskokk skal kunne utføre, slik at du kan gå opp til fagprøve når læretida er over. Kjøkkenet på helsetunet lagar mat til bebuarar på helsetunet, til heimebuande eldre, og til kantine for tilsette. Som lærling får du ta del i dei daglege oppgåvene på kjøkkenet.
Ein ernæringskokk skal kunne :
- tilbrede kald og varm mat , både spesialkost , kvardagsmat og selskapsmat
- ha kunnskap om ernæring , kosthald og helse og kunne tilpasse mat og rettar etter ulike behov
- bidra til å skape matglede
- ha kunnskapar om regelverket innanfor hygiene og hms
Kvalifikasjonar
- Bestått teori innan faget og registrert i VIGO
- Ha gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du bør vere motivert for å vere lærling, og for å tileigne deg kunnskapen du treng gjennom læretida
- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar og motivasjon ved tilsetting
Vi tilbyr
- Midlertidig tilsetjing i læretida på to år og løn som lærling
- Kvalifiserte og dyktige rettleiarar
- Eit hyggeleg læringsmiljø
- Eit variert og utfordrande arbeid
Kontaktinformasjon
Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, 95940309Anne Toril Kjonerud, Kjøkkensjef, +47 41520204
Arbeidsstad
Bygdinvegen 21202940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4960160440
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 31.07.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Anne Toril Kjonerud
Kjøkkensjef
+47 41520204
Ingrid Nordli
Tenesteleiar institusjonstenester
95940309
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2924862
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3dc5c37e17ab4cd3836a6a9642f4896c