Reinhaldsvikar for sommaren 2025.
Husøkonomi Førde, Helse Førde
Førde sentralsjukehus, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldsvikar for sommaren 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 16. april
Reinhalds- og tekstilavdelinga i Førde har 35 årsverk, og har som oppgåve å levere reinhalds- og tekstiltenester til avdelingar ved Førde sentralsjukehus. Arbeidet vil foregå i Helse Førde sin bygningsmasse i Førde. Arbeidstida vil vere i ulike vaktskift innanfor tidsrommet kl. 06:00-21.30 på kvardagar, og arbeid kvar 3.laurdag i sommarperioden.
Avdelinga søkjer fortrinnsvis etter vikarar som kan arbeide heile perioden fra 23.06.2025 - 17.08.2025. Det er ønskjeleg at søkjar oppgir i søknaden når vedkomande kan arbeide.
Arbeidsoppgåver
Dine arbeidsoppgåver vil være:
- Dagleg og periodisk reinhald
- Maskinelt reinhald
- Reinhald av spesialrom som til dømes: operasjonsstover, laboratorier og obduksksjonssal.
- Smittevask
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du:- Har gode norsk kunnskaper. Du må kunne snakke og forstår norsk.
- Ønskjeleg med engelsk B-språk
- Har kunnskap om bruk av telefon, nettbrett og pc. Dagleg reinhaldsarbeid inneber bruk av til dømes reinhaldsplan på nettbrett.
- Har gode personlige eigenskapar.
Vi ser det som ein fordel at du har noko kjennskap til reinhaldsfaget, men skulle du ikkje ha kjennskap til reinhaldsfaget og alikevel ønskjer å søke på stillinga vil vi gi ein tryggleik for at opplæring vert gitt.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at:
- Du er stabil og påliteleg
- Du kan arbeide sjølvstendig og i team
- Du er med på å skape eit trygt og godt arbeidsmiljø for alle i avdelinga
- Du tilbyr kollegaer hjelp om situasjonen skulle tilseie det
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Opplæring vert gitt
- Trivelig arbeidsmiljø
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elin Høyland, Husøkonom, +47 578 39 378Arbeidssted
Førde sentralsjukehus6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4942235278
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Elin Høyland
Husøkonom
+47 578 39 378
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2895713
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ba7053b1de0a4e93b0465adc418454e2