ID 2331 Fagkoordinator i avdeling Kåreviksmarkjo - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Hausten 2025 skal Stord kommune opne eit nytt bufellesskap for personar med funksjonsnedsettingar i Kåreviksmarkjo. Her skal det bu 7 aktive, unge menneske som treng bistand i kvardagen.
Me ønskjer å setja saman eit godt lag av tilsette som vil vere med å bygge opp ei ny avdeling. Me treng tilsette med ulik kompetanse og erfaring. Stillingane er i turnus med ein stor del kveldsvakter og vil ha arbeid anten kvar tredje eller kvar fjerde helg.
Me søkjer etter Fagkoordinator i fast 100% stilling.Avdelinga treng ein engasjert og fagleg dyktig vernepleiar til stilling som fagkoordinator. Fagkoordinator inngår som vernepleiar i avdelinga. Stillinga har arbeid med langvakter kvar fjerde helg.
FAGKOORDINATOR HAR ANSVAR FOR:-
at brukar får eit koordinert og heilskapleg tenestetilbod -- i høve funksjonsnivå, individuelle vedtak og gjeldande lovverk
-
å kartlegga behov og utarbeida faglege mål
-
Oversikt over mål, oppgåver, aktivitetar og organisering i eininga/avdelinga
-
Tydeleggjera ansvarsforhold for samarbeidspartnarar og medarbeidarar og sikra god samhandling
-
Medverka til å avklara forventningar i høve arbeidsoppgåver
-
Halda fokus på mål og evaluera desse
-
Halda seg oppdatert på gjeldande lovverk og avtalar
-
Delta på ansvarsgruppemøter/samarbeidsmøter der det er aktuelt
-
Samarbeida med vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut kring miljøterapeutisk arbeid
-
Samarbeida med avdelingsleiar kring faglege utfordringar
-
Avdelingsleiar kan delegere andre oppgåver
-
Autorisasjon som vernepleiar.
-
Relevant fagleg vidareutdanning (miljøterapi, rettleiingspedagogikk, psykisk helsearbeid m.m.) er ein fordel.
-
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
-
Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
-
Engasjerte kollega med ulik erfaring og kompetanse
-
God opplæring og oppfølging
-
Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift
-
Bedriftshelseteneste
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av diverse utstyr
-
Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson; Avdelingsleiar Tonje Halstensen Brørvik, tlf 984 74 607 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2aafb410-eb28-42ad-a684-3a4dda8f785a
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
2aafb410-eb28-42ad-a684-3a4dda8f785a