Lege før turnusteneste
Ålesund behandlingssenter, Helse Møre og Romsdal HF
Vestmoa 27, 6018 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege før turnusteneste
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 15. juli
Vi søkjer ein lege med interesse og engasjement for rusfeltet, som vil vere med på å vidareutvikle eit godt og heilskapleg behandlingstilbod for pasientar innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
Vi har ledig 2 x 100 % vikariat for lege før turnusteneste ved Avdeling for TSB, Ålesund behandlingssenter, med oppstart frå 18. august 2025 og eitt år framover.
Avdeling for TSB i Helse Møre og Romsdal HF gir tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige over 18 år. Ålesund behandlingssenter tilbyr avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk oppfølging. Vi gir utgreiing og behandling til rusavhengige og deira pårørande gjennom både individuelle samtalar og gruppeterapeutiske tilnærmingar.
Du er velkomen som søkar!
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver knytte til avdelinga si verksemd, avhengig av seksjon (mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, tverrfaglege drøftingar m.m.)
- Tverrfagleg samarbeid
- Deltaking i avdelinga si vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege, eller midlertidig lisens (stud.med.)
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
- Fleksibel og løysingsorientert
- Fagleg engasjert
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Rettleiing frå erfarne overlegar
- Eit sterkt og engasjert tverrfagleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande og utviklingsorientert arbeidsplass
- Løn etter gjeldande tariffavtalar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Siri-Mette Dragsund Hoff, Seksjonsleder, Siri.Mette.Dragsund.Hoff@helse-mr.no
Arbeidsstad
Vestmoa 27
6018 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4987296246
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 18.08.2025
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 15.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2a8afe7a-637a-422c-9823-f48eb61f5f54
- Hentet fra
talentech
- Referanse
afbcc78b86ce4d19a5e1d62a031322b0