Lege- vikariat
Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege- vikariat
- Oppstart
- 1. mars 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 4. februar
Ein av våre legar skal ha permisjon og det er difor ledig 80 % vikariat for perioden 01.03.-31.12.2026. Stillinga er delt mellom 50 % på helsestasjon og 30 % på sjukeheim. Det er ikkje plikt til legevakt i denne stillinga, men dersom du er kvalifisert og har ønske om det, kan du ha høve til å ta legevakter ved Søre Sunnmøre legevakt.
Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid på kveld/helg/høgtid. Det er alltid sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna og Volda er vertskommune.
Legetenesta i Ørsta består elles av 15 fastlegar og to LIS1-stillingar som alle er lokaliserte ved Ørsta helsesenter, samt kommuneoverlege i 100 % stilling.
Du vil få høve til å delta på vekentlege møte på Ørsta helsesenter og slik vere ein del av legefellesskapet i Ørsta kommune.
Helsestasjon/skulehelseteneste:
Arbeidet vil i hovudsak vere obligatoriske legekontrollar i samsvar med helsestasjonsprogrammet. I tillegg deltek ein på helsestasjon for ungdom (HFU).
Ein har også kontakt med skulane og elevar/føresette ved behov.
Legen er ansvarleg for alle førsteklasseundersøkingane og enkelte konsultasjonar for barn som kjem som flyktningar.
Helsestasjonen har eigen avdelingsleiar som vil vere din leiar i delen av stillinga som er knytt til helsestasjonen. Helsestasjonen har omtrent 12 årsverk fordelt på 17 tilsette. Bemanninga består av helsestasjonslege, helsesjukepleiarar, jordmor, merkantil, kommunepsykolog og engasjementstilling for familieterapeut. Vi har også 20% fysioterapeut knytt til helsestasjon 0-5 år.
Ørsta er BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats) og vi er godt i gang med implementering av denne måten å jobbe systematisk og tverrfagleg rundt barn og familiar.
Helsestasjonen er lokalisert i same bygg som ergo, fysio, friskliv og Ørsta helsesenter (fastlegane).
Spørsmål om helsestasjon? Kontakt Camilla Nupen Sjukeheim:Kommunen har to sjukeheimslegestillingar. I tillegg til denne som er utlyst, er det 90 % stilling ved Ørstaheimen. Tenesteleiar for omsorgs og sjukeheim er leiar for sjukeheimslegane.
Arbeidstida er fordelt med ein fast dag i veka ved Hjørundfjordeheimen på Sæbø og ein halv fast dag i veka ved Vartdal Helsetun på Vartdal.
Det kan vurderast ei anna fordeling av arbeidstida dersom dette er meir føremålstenleg. Det er lagt til rette for kontakt mellom helsepersonell og lege også utanom dei faste tilstadesdagane, hovudsakleg via telefon.
Spørsmål om sjukeheim? Kontakt Wenche Flo
Arbeidsoppgåver
Helsestasjon:
- legekontrollar i følge helsestasjonsprogrammet
- helsestasjon for ungdom
- du inngår om ønskeleg i fleire team på hesestasjonen(skuleteam/helsestasjonsteam)
- enkelte førstegongskontrollar for barn som kjem som flyktningar
Sjukeheim:
Kvalifikasjonar
- du oppfyller krava i Forskrift om kompetansekrav for leger
- du uttrykker deg godt på norsk både munnleg og skriftleg
- det er krav om godkjend politiattest
- du har førarkort, klasse B og kan disponere eigen bil i teneste
Personlege eigenskapar
Vi søker etter ein lege som
- likar å jobbe både sjølvstendig og samarbeide med andre
- skaper gode relasjonar til born, føresette og pårørande
- er opptatt av fagutvikling
- har interesse både for forebyggande oppgåver og helseutfordringar hjå eldre
- er fleksibel
- snarleg tilsetting vil verte prioritert
Vi tilbyr
- godt legefellesskap der du har høve til å delta på vekentlege møte saman med fastlegane
- dyktige kollegaer både på helsestasjonen og på sjukeheimane
- Spennande utfordringar og ein variert arbeidskvardag
- Arbeidstid på dagtid med fleksitidsordning
- Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
Kontaktinformasjon
Camilla Nupen, Avdelingsleiar helsestasjonen, 900 75 316, camilla.nupen@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Runa Bakke, Tenesteleiar, 916 21 147, runa.bakke@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5063533163
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.03.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 04.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2a8afe43-f2b9-4ab7-8f97-578c6f95505e
- Sist endret
20. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ee127ead971e4469b14e52d5cceaa4d5
Lignende annonser
Off. godkjent sjukepleiar Korttidsavdelinga
Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Sted
Ørsta
Helsefagarbeidar- vikariat Korttidsavdelinga
Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Sted
Ørsta
Off. godkjent sjukepleiar Korttidsavdelinga
Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Sted
Ørsta