Leiar kundesenter
Sunnfjord Miljøverk IKS
Elvegården, Naustdalsvegen 1b, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Leiar kundesenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Vil du bygge opp og leie vårt nye kundesenter?
Er du glad i folk, god på å finne løysingar og har lyst til å vere med og forme noko nytt? Då kan dette vere jobben for deg.Sunnfjord Miljøverk (SUM) etablerer no eit nytt kundesenter, og vi søkjer deg som vil ta leiarskapet for denne satsinga. Dette er ei nyoppretta stilling, der du får ein sentral rolle i å utvikle og bygge opp eit moderne og framtidsretta kundesenter.
Vi ser etter ein person som trivst med å samarbeide på tvers, og som ønskjer å bidra til betre flyt, god kundeservice og løysingsorientert dialog.
Arbeidsstad: Elvetorget, Førde
Tiltreding: Etter avtale
Arbeidsoppgåver
- Bygge opp og leie kundesenteret
- Sikre god og effektiv kundedialog via telefon, e-post og digitale løysingar
- Utvikle og følgje opp gode rutinar og system for kundebehandling
- Vere ein del av rekrutteringsprosessen når vi skal utvide teamet
- Samarbeide tett med SumTrans og andre avdelingar i SUM
- Bidra til vidare digitalisering og effektivisering av kundereisa
Kven er du ?
- Du har erfaring frå kundesenter, servicearbeid eller leiing – gjerne i kombinasjon
- Du er ein god relasjonsbyggjar som trivst med å jobbe med folk
- Du er løysingsorientert, strukturert og evnar å halde hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong
- Du har god digital forståing og gjerne erfaring med kundesystem
- Du kommuniserer tydeleg og godt, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Ei nyoppretta stilling med høve til å forme di eiga rolle
- Eit godt og engasjert arbeidsmiljø
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår og pensjonsordning
- Ein arbeidsplass med samfunnsansvar og fokus på berekraft
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sunnfjord Miljøverk IKS er renovasjonsselskapet til kommunane Sunnfjord, Askvoll, Fjaler og Hyllestad - til saman om lag 29 000 innbyggjarar og 12 500 abonnentar. Vår viktigaste oppgåve er å løyse kommunane sine utfordringar innan avfallshandtering på ein mest mogleg miljø- og kostnadseffektiv måte.
Vi er eit selskap i vekst og har store ambisjonar for framtidas renovasjonstenester i regionen. Les meir om oss på nettsida vår.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2a4e3e2d-baef-4367-8949-77c29e22b989
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10251829