Desktop administrator
Arbeidsflate, Helse Vest IKT
Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Professor Olav Hanssens vei 7, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Desktop Administrator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 21. mai
Ynskjer du å vere med og drifte eit av Vestlandets største IKT-klientmiljø?
Seksjon for Arbeidsflate har ansvar for design, forvalting og vidare utvikling av over 32 000 PC-ar og virtuelle klientar, og over 10 000 mobilar og nettbrett.
Sjukehussektoren er i ei rivande utvikling, og moderne IKT-løysingar er ein viktig bidragsytar for at sjukehusa skal kunne drive godt og effektivt, òg i framtida.
Arbeidsflate søker ein dyktig medarbeidar innanfor Windows-administrasjon som kan vere med på å videreutvikle ein stabil og moderne PC-plattform.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vidareutvikling av Helse Vest IKT sine klientløysingar
- Drift og vidareutvikling av Helse Vest IKT sine OS og software deployment-system
- Drift og vidareutvikling av Helse Vest IKT sine sikkerheitsløysingar rundt klientplattforma
- Medverke i moderniseringa av Helse Vest si plattform basert på Zero Trust-tankesett
Kvalifikasjonar
Du har ein eller fleire av desse kvalifikasjonane:
- God forståing av og erfaring frå drift og vedlikehald av Windows 10 eller Windows 11
- God forståing av Microsoft sine operativsystem og korleis desse er bygd opp
- God forståing av Microsoft AD, DNS, DHCP og korleis desse fungerer saman
- God forståing av og erfaring med avansert feilsøking av Microsoft-operativsystem
- Erfaring med Microsoft Configuration Manager (SCCM)
- Erfaring med Microsoft Intune
- Erfaring med programmeringspråk eller scriptspråk, t.d. Powershell, Vbscript, Vb, C#, Rust
Personlege eigenskapar
- Du er open og svolten på ny kunnskap og teknologi
- Du må ha evne til å kunne arbeide sjølvstendig
- Du prøver ut nye funksjonar på eige initiativ for å betre PC-plattformane våre
- Du søker alltid etter forbetringar
- Du forstår ansvaret som ligg i å gjere endringar på PC-plattformar som direkte påverkar pasientbehandlinga på sjukehusa
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Interessante utfordringar med moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Sjanse til å forme framtidas IKT-løysingar innanfor helse.
- Meningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet.
- Deltaking på spanande oppgåver innanfor lokale og regionale prosjekt.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettigheiter.
- Ein trygg arbeidsplass med føreseielege rammer.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frode Langeland, Seksjonsleiar, +47 91719912Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4957950652
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Frode Langeland
Seksjonsleiar
+47 91719912
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2930779
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a7f0a9de998948cebdcaec6d10a3d6b8