Ringevikarar
Vindafjord kommune Ølen skule
Litlehagen 15, 5580 Ølen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. januar
Ringevikarar til Ølen skule og SFO.
Tiltreding snarast. Søknadar blir vurdert fortløpande.
Me på Ølen skule har behov for deg som kan og har lyst å vera ringevikar på kort varsel. Kanskje er du ein ungdom som har eit friår og ynskjer å arbeida med barn? Eller er du heimeverande av andre årsaker og kunne tenke deg å jobbe med barn og unge i eit trivelig og godt miljø? Det vil vera arbeid knytt til undervisning i klassar, oppfølging av grupper og enkeltelevar og arbeid ved SFO-avdelinga.
Kvalifikasjonar:- Det blir krevd politiattest ved alle tilsetjingar.
- Utdanning innan undervising, barn eller unge er ønskeleg.
- Du må ha lyst og interesse for å arbeide med barn.
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
- Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
- Må lika å vere i samtale med barn og kunna møta barn i ulike situasjonar som oppstår.
- Kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kollegaer.
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:- Ølen skule er 1- 10 skule med 330 elevar
- Ligg sentralt til i Ølen
- Me har eit aktivt og engasjert personale
- Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2805872
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3436821_228561_nn