Hopp til innhold

Kantineassistent

Arbeidsgiver

OPK-FU - Adm.stab, Vestland fylkeskommune

Sted

Leiro 43, 5640 Eikelandsosen

Om jobben

Stillingstittel
Kantineassistent
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. mars

Fusa Vidaregåande skule tilbyr: studiespesialisering og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan TAF/YSK og HTH/HTA. Skulen har om lag 300 elevar og 50 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige- opne og kompetente. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for ei relevant opplæring.
Sjå skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no og skulen sin film https://youtu.be/37e8hMyhHnA
Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.

Stillinga er i hovudsak knytt til drift av skulen si kantine. Kantina er ein viktig sosial møteplass ved skulen, og du vil vere ein sentral bidragsytar til trivsel og inkludering. Du vil stå i nært samarbeid med kantineansvarleg.


Arbeidsoppgåver

Kantinearbeid:

  • Planlegging og tilrettelegging av dagleg mattilbod
  • Matlaging (varm- og kaldrettar) og bakst.
  • Sal og kundebehandling
  • Kassehandtering
  • Reinhald og etterleving av rutinar for mattryggleik

Kontakt med elevar i kantina:

  • Praktisk rettleiing av elevar som deltek i arbeid i kantina
  • Bidra til meistring og gode arbeidsrutinar
  • Vere ein trygg og tydeleg vaksen i arbeidssituasjonar
 

Kvalifikasjonar

Erfaring frå kantine, kjøkken og/eller matservering er eit føremon. 

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og sjølvstendig
  • Du trivst med praktisk arbeid
  • Du er ein tydeleg vaksen og er omsorgsfull i møte med ungdom
  • Du samarbeider godt med andre
  • Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Du har gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Nært samarbeid med kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Anna
Det er moglegheit med fleksibilitet i arbeidstida, i samarbeid med leiar.
Tilsetjing skjer i tråd med gjeldande regelverk, og det er krav om politiattest. Arbeidstakar har ein arbeidsplan med redusert arbeidstid, og arbeidstida følgjer skuleåret. Dette inneber reduksjon i årsløn i samsvar med særavtale SFS 2201.

Kontaktinformasjon

Mia Nerhovde Håvik, Admin leiar, 56580900, Mia.Nerhovde.Havik@vlfk.no

Arbeidsstad

Leiro 43
5640 Eikelandsosen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5094709330
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 30.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Mia Nerhovde Håvik

Admin leiar

56580900

Mia.Nerhovde.Havik@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2948ac21-c009-4c5d-a80a-3402f22e4728

Sist endret

17. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

99f554f598bc4bf2b79fcee420c5b07f

Lignende annonser

Laster lignende annonser