Hopp til innhold

Avdelingssjef Traumesenteret

Arbeidsgiver

Kirurgisk klinikk/ Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Leiar Traumesenteret
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 20. april

Haukeland universitetssjukehus er regionalt traumesenter i Helse Vest. Traumesenteret mottar kring 550 traumepasientar årleg, der omkring 175 av dei blir rekna som alvorleg eller livstruande skadd.

Traumesenteret er ein organisatorisk eining i Kirurgisk klinikk og skal sørge for god kontinuitet og tverrfagleg oppfølging i handtering av traumepasientane. Traumemanualen vår på www.metodebok.no/bok/traumehus omfattar alle rutinar som gjeld traumepasientane. Den kliniske verksemda ved Traumesenteret inkluderer traumemottak med vurdering av skadde pasientar, eventuelle prosedyrar og hemostatisk kirurgi, traumevisitt på intensiv- og overvakingseiningane, samt visitt på sengepostane. Legar og sjukepleiarar ved Traumesenteret underviser i traumatologi gjennom kurs i traumesjukepleie, teamtrening og hemostatisk nødkirurgi. Vi driv óg mykje undervisning på høgskular (Bachelor i sjukepleie, spesialsjukepleie), av legestudentar, internt på andre avdelingar på sjukehuset, og på andre sjukehus i Helse Vest. Traumesenteret har ansvar for rapportering til Nasjonalt traumeregister (NTR) og legane må kunne støtte registrarene i å tolke anatomisk omfang av ulike skadetypar. Dei tilsette ved Traumesenteret blir oppmoda om å forske på registeret som omfattar over 9000 pasientar.

Som avdelingssjef for Traumesenteret har du eit overordna og sjølvstendig ansvar for å sikre best klinisk praksis, god pasientbehandling og pasienttryggleik innanfor klinikken og føretakets rammer. Du har og overordna økonomisk ansvar.

Avdelingssjef skal bidra til gode løysingar og pasientforløp i tett samhandling med fleire einingar ved sjukehuset. 

Vi ønsker oss ein leiar som involverer og samlar dei tilsette. Vi forventar at du formidlar viktige verdiar og haldningar som vil bidra til at vi i Kirurgisk klinikk og ved Traumesenteret fungerer saman i eit opent og godt fagleg fellesskap.

Avdelingssjef for Traumesenteret vil i tillegg ha eit særskilt ansvar for beredskap både for Traumesenteret, Kirurgisk klinikk og i utvida samanheng, sidan Traumesenteret og har ansvarsområder innan beredskap som grip over på heilskapsnivå for Haukeland sjukehus og Helse Bergen. 

Traumesenteret har ein komplisert logistikk og viktige ansvarsområde. Difor er det viktig at du har solide kunnskapar innan fagfeltet og kan fatte avgjerder i den daglege drifta og samstundes bygge leiarskap og utvikle Traumesenteret over tid. Vi søker deg som har evne og vilje til å fronte Traumesenteret på Haukeland universitetssjukehus og løfte fagfeltet inn i framtida. Leiar for Traumesenteret vil ha vide fullmakter til å organisere og leie avdelinga innan dei til ein kvar tid gjeldande rammer.

Avdelingssjef for Traumesenteret sit i leiargruppa og rapporterer til klinikkdirektør i Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus.   


Arbeidsoppgåver

  • Sikre god og fagleg forsvarleg drift av avdelinga
  • Overordna fag-, personal- og økonomisk resultatansvar
  • Legge til rette for forsking, fagutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Ansvar for god resursstyring, pasienttryggleik og kvalitet i avdelinga
  • Ansvar for beredskapsarbeid
  • Mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule
  • Kunnskap og relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • Relevant leiarutdanning og -erfaring er ønskeleg
  • Erfaring frå prosjekt-, kvalitet- og forbetringsarbeid
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av yrkesgrupper, avdelingar og nivå i helsetenesta er ønskeleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du kan leie og bli leia
  • Interesse for fagområdet multitraume
  • Du har eit godt lag med folk og får frem det beste i dei og tar avgjerder til det beste for heilskapen
  • Du trivast med å motivere og samle dei tilsette om felles mål og stiller krav til deg sjølv og medarbeidarane for å nå desse måla
  • Du har interesse og engasjement for alle sider av drifta ved avdelinga
  • Du har god økonomi- og organisasjonsforståing og jobbar analytisk og strategisk
  • Du evnar å fatte avgjersler og iverksette desse
  • Du legg vekt på tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Du har fokus på å skape og bidra til eit godt og lærande arbeidsmiljø
  • Du er initiativrik, har gjennomføringsevne og toler press

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og resultatorientert arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling, også som leiar
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Lønn etter avtale

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Christian Beisland, Avdelingssjef, 47301005

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5103171831
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Christian Beisland

Avdelingssjef

47301005

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2936f033-0ed5-44fc-aec5-88de218be024

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d904870210b8407ca0d2d0d98bd6417e

Lignende annonser

Laster lignende annonser