Konservator/Førstekonservator
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Brandøyvegen 25B, 6900 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Konservator/Førstekonservator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om avdeling for forsking og bevaring
Avdeling for forsking og bevaring har ansvar for forvalting og bevaring av samlingar og bygg i Musea i Sogn og Fjordane, og koordinerer forskingsarbeidet innafor musea sine fagområde. I avdelinga er det 8 handverkarar og 5 konservatorar, samt faste og mellombelse stillingar knytt til samlingsforvaltingsarbeidet. Dei tilsette i avdelinga har dagleg oppmøte på dei einskilde museum i Musea i Sogn og Fjordane, men samarbeider om dei faglege oppgåvene.
Konservatorstillinga har dagleg oppmøte på Kystmuseet i Sogn og Fjordane som ligg i Florø i Kinn kommune. Kystmuseet i Florø har utstillingar som formidlar kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane - i hovudsak frå 1700-talet og fram til vår tid. Museet har ei stor båtsamling, gjenstander frå livet ved kysten, og ei oljeutstilling. Kystmuseet har tre utstillingsbygg og eit stort uteområde med flott natur og antikvariske bygg. Som del av museet er det også fleire antkvariske bygg og bygningsanlegg som ligg på opphaveleg plass i kommunane langs kysten. Les meir om museet i denne lenkja.
Om stillinga
Di hovudoppgåve som konservator vil vere å arbeide med forvalting, utvikling og formidling av, og forsking på Musea i Sogn og Fjordane sine samlingar knytt til kystkultur, inklusive båtsamlinga. Konservator er også lokalt samlingsansvarleg for samlinga ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Som konservator vil ein vere ein del av avdeling for forsking og bevaring og arbeide saman med fleire innanfor same fagfelt, men som har dagleg arbeidsstad på dei andre musea i organisasjonen. Næraste leiar er avdelingsdirektør for forsking og bevaring.
Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:- Forvalting, dokumentasjon, registrering og digitalisering av samlingane i samsvar med MiSF sine planar og rutinar
- Samlingsutvikling, inklusive innsamling, samlingsvurdering og kunnskapsutvikling
- Forsking innafor stillinga sitt ansvarsområde og kunnskapsbehovet i organisasjonen
- Kunnskapsformidling gjennom publikasjonar og føredrag
- Støtte musea i arbeid med formidling av samlingane, t.d. gjennom utstillingar
- Handsame førespurnadar om samlingane
- Bidra i arbeidet med å førebu og ta i bruk det nye fellesmagasinet (Tinghuset) i Angedalen (Sunnfjord kommune)
- Bidra i arbeidet med å utvikle og revidere avdelinga sine planer, m.a. forskingsplan, innsamlingsplan og samlingsforvaltingsplan.
Kvalifikasjonar
- Det er eit krav at konservator har mastergrad eller tilsvarande i kulturhistorisk / kulturvitskaplege fag, eller andre museumsrelevante fag
- Autorisasjon som konservator NMF (Norges Museumsforbund) er eit ønskje. MiSF vil leggje til rette for at tilsette kan oppnå autorisasjon som del av arbeidet om ein ikkje har dette frå før
- Kandidatar som er kvalifisert, t.d. med doktorgrad i relevant fag, kan bli tilsett som førstekonservator
- Interesse for kystkultur er ein føresetnad
- Førarkort KL. B
I tillegg er det ønskjeleg med erfaring innan/med:
- Museumsarbeid
- Formidling
- Forskingskompetanse (doktorgrad eller tilsvarande)
- Publisering av vitskapleg/populærvitskapleg artiklar, bøker osb.
- PRIMUS - samlingsforvaltingssystem for musea
- Dokumentasjonsarbeid
- Interesse for gjenstandsforvaltning
Personlege eigenskapar
Som del av konservatorgruppa er det forventa at du evnar å samarbeide godt med andre, deler av din kunnskap og erfaringar, samt støtter andre for å nå felles mål i avdelinga. Det er ein fordel om du er i stand til å byggje nyttige nettverk både internt i organisasjonen og eksternt i relevante fagmiljø. Som konservator i Musea i Sogn og Fjordane forvaltar du viktig kompetanse, og du må ha evna til å demonstrere fagleg kunnskap innan eige fagfelt og vere oppteken av å utvikle deg fagleg. Her vil du få rom til å fordjupe deg i tema og bruke tid på utvikling av eigen kompetanse.
Som konservator/førstekonservatorer det viktig å trivast med å arbeide sjølvstendig, samtidig som ein evnar å skape eit godt samarbeid både i avdelinga ein er ein del av, men også på museet ein arbeider på i det daglege.
Det er mykje fleksibilitet i arbeidet, noko som også medfører noko varierande arbeidsmengde. Evnen til å strukturere og planlegge arbeidstida si godt er derfor viktig, og ein må trivast med å arbeide systematisk med høg gjennomføringsevne.
Generell informasjon
Som tilsett i MiSF vil du vere del av eit dynamisk arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og stort engasjement.
MiSF er ei IA-verksemd, og vi tilbyr god pensjonsordning gjennom KLP.
Stillinga som konservator/førstekonservator blir løna etter avtale, og iflg. Landsoverenskomsten for museum (Virke).
Søknadsfrist 06.10.2023
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til Thomas Walle (Avdelingsdirektør Forskning og bevaring) tlf. 926 22 055 / thowal@misf.no.
Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00.
Om bedriften
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er eit konsolidert museum med visjon om å vere ein relevant og aktiv samfunnsaktør innan kunst og kulturarv.
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Norsk Kvernsteinsenter og Sogn og Fjordane Kunstmuseum er med i den konsoliderte eininga.
Vi nyttar nynorsk som administrasjonsspråk og i skriftleg kommunikasjon med eksterne.
Stiftinga har omlag 65 årsverk. Les meir om Musea i Sogn og Fjordane på denne lenkja.
Sektor
Offentlig
Nettsted