Hopp til innhold

Helgestilling

Arbeidsgiver

Bø sjukeheim Jønneberg Vihus

Sted

Gamleveg 43, 3802 Bø i Telemark

Om jobben

Stillingstittel
Helgestilling - 45 % fast
Oppstart
1. april 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 45%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. februar

Vil du bruke kompetansen din der ho verkeleg betyr noko? Ynskjer du å jobbe i eit miljø der både humor og profesjonalitet får plass? Då ynskjer me deg velkomen til oss!

Bø sjukeheim, avdeling Jønneberg og Vihus, har ledig 45 % stilling med langvakter annakvar helg saman med aftenvakt fredag. I løpet av dei 12,5 timane er det lagt opp til to pausar à tre kvarter. Jønneberg/Vihus er ein somatisk avdeling med både lang-og korttidsavdelingar. Ved interne omrokkeringar kan det bli andre typer helgestillinger ledig. 
Jønneberg og Vihus er lokalisert i andre etasje på sjukeheimen, som ligg sentralt i Bø sentrum.

Me søkjer etter deg som er ansvarsfull, engasjert og som møter alle menneske med respekt. Hos oss jobbar du saman med kollegaer som er imøtekommande og opptatt av å skape eit godt arbeidsmiljø. 

Me håpar du vil bli ein del av den flotte gjengen på Jønneberg og Vihus. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål. 


Arbeidsoppgåver

  • Heilhetleg pleie og omsorg til pasientar med sammensatte behov
  • Journalføring og dokumentasjon
  • Mattilberedning
  • Diverse arbeid på avdelingene; renhold, rydding etc.
  • Planlegge og gjennomføre sosiale aktiviteter med beboerne
  • Medikamenthåndtering (gjelder de med fagutdanning eller lang erfaring)

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg, minimum B1 nivå
  • Ønska kompetanse
    • Me ynskjer fortrinnsvis at du har autorisasjon som helsefagarbeidar, men personar under relevant utdanning eller med relevant erfaring vil og kunne bli vurdert 
    • Erfaring frå eldreomsorg
    • Godkjent medisinkurs
    • God kjennskap til bruk av data som verktøy 

    Særskilde krav
  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Personlege eigenskapar

    • Ansvarsfull og fleksibel
    • Gode kommunikasjon- og samarbeidevner
    • Opptatt av fagleg kvalitet og utvikling
    • Du trivst med ein til tider hektisk arbeidskvardag og har evne til å stå i jobben i krevjande periodar

    Personleg egnethet vil tilleggas stor vekt

    Vi tilbyr

    • Kantine
    • Gratis parkering
    • Internundervisning i vekedagane som ein kan delta på
    • Kurs og moglegheiter for videreutdanning
    • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
    • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

    Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

    Kontaktinformasjon

    Tone Heimdal Veting, Avdelingsleiar, +47 92255565, tohei@mt.kommune.no

    Arbeidsstad

    Gamleveg 43
    3802 Bø i Telemark

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

    Referansenr.: 5067637949
    Stillingsprosent: 45%
    Fast
    Startdato: 01.04.2026
    Søknadsfrist: 18.02.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Tone Heimdal Veting

    Avdelingsleiar

    +47 92255565

    tohei@mt.kommune.no

    Om bedriften

    Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

    Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    292da32d-cc95-4389-8926-daf2b2cf661a

    Sist endret

    5. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    9fc143c051e04ffaaf5be48eec90d39b

    Lignende annonser

    Helgestillinger - fast

    Arbeidsgiver

    Hågålia botjeneste psykisk helse og rus, Midt-Telemark kommune

    Sted

    Bø i Telemark

    3 Helgestillinger

    Arbeidsgiver

    Hjemmetjenesten Ulefoss, Nome kommune

    Sted

    Ulefoss