Seksjonsleiar
Sengepost for kirurgi og ortopedi og eining for klinisk støtte Kristiansund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vil du vere med på laget vårt?
Vi har no ledig spennande leiarjobb på vår sengepost og eining for klinisk støtte. Seksjonsleiar er leiar for både sengepost for kirurgi, gynekologi, akutt ortopedi og tilsette ved klinisk støtte på Kristiansund sjukehus.
Sengeposten har:
- Traumatologi, infeksjoner og komplisert sår behandling
- Ortogeriatrisk eining for ortogeriatrisk trauma med tilsett spesialist i geriatri
- Innlagt urologi
- Innlagte gynekologi
- Osteoporose-poliklinikk med behandlings/ infusjonseining, DXA-maskin, «Capture the fracture» silver star rangering
- Utdanningsinstitusjon for fysioterapeuter, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, ergoterapi og klinisk ernæringsfysiolog
For å kunne møte dagens og framtida sine utfordringar, treng vi dyktige og engasjerte medarbeidarar. Saman med dei tilsette skal vi forberede sengeposten på innflytting i det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Seksjonsleiar er ein del av Ortopedisk avdeling si leiargruppe, er direkte underlagt avdelingssjef og samarbeidar tett med dei øvrige seksjonsleiarane i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Du har ansvar for dagleg drift av sengeposten og klinisk støtte
- Du har ansvar for å utvikle sengeposten og klinisk støtte i nært samarbeid med avdelingssjef og i tråd med avdelinga og foretaket sine utviklingsplanar
- Du har ansvar for at sengeposten og klinisk støtte vert drive etter gjeldande lover, forskrifter og interne retningsliner, og etter gitte økonomiske rammer
- Du har personalansvar for dei tilsette ved seksjonen, og skal legge til rette for fagleg utvikling og motivering av dei tilsette
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskjeleg med erfaring frå spesialisthelsetenesten og til drift av sengepost/ poliklinikk
- Ønskjeleg med leiarutdanning, men søkjer som har anna relevant erfaring og gode leiaregenskaper vil også verte vurdert for stillinga
- Kompetanse og erfaring med arbeidstidsplanlegging/ ressursstyring og endringsprosessar er ønskjeleg
- Ønskjeleg med kunnskap om budsjett og interesse for økonomi
- Ønskjeleg med kunnskap og erfaring frå kvalitets- og forbetringsarbeid
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljø
- Du trivast med å jobbe i ein stor og kompleks organisasjon
- Du er god til å kommunisere på en åpen og tydeleg måte på alle nivå
- Du har gjennomføringsevne og er resultat- og løysningsorientert
- Du har forståelse for viktigheten av god ressursstyring
- Du er strukturert, målretta og god på endrings- og forbedringsarbeid
- Du har ein motiverande og engasjerande leiarstil
- Du har kjennskap til og interesse for endringsleiing
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Mogelegheit for å vere med på å påvirke og utvikle framtida
- Sterkt forskningsmiljø
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår!
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Kirsti Sevaldsen, Avdelingssjef ortopedi SNR, Kirsti.Sevaldsen@helse-mr.noArbeidssted
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4671053248
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.08.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2362835
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3c5fb243f6ea4659b2ff31b192ab1561