Pedagogisk leiar
Samnanger kommune
Nesjavegen 10, 5650 Tysse, Reistadliane 37, 5652 Årland
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. september
Om stillinga
Vil du bli bli ein del av eit kompetent fagmiljø og jobbe i eit postivt og kreativt team?
I barnehagane våre får du ein spennande og variert kvardag saman med barn med ulike språk og kulturar. Me søkjer deg som er oppteken av språkarbeid og ønskjer å bidra til inkluderande leik, fellesskap og gode vennskap mellom barna.
Leik, relasjonsarbeid, turar og språk er sentrale område som me arbeider aktivt og målretta med. Stillinga er 100 % kan bli delt mellom to barnehagar. Vikariat frå snarast til 31.07.2027.
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiing av avdelinga og spes.ped fagleg ansvarleg
- Skape eit trygt, godt, engasjerande og spennande barnehagemiljø
- Ansvar for rettleiing og opplæring av medarbeidarar på avdelinga
- Fremja godt samarbeid med foreldra
- Medansvar for felles faglege mål på overordna planar
- Medansvar for utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd
- Medansvar for dagleg organisering av heile barnehagen
- Oppfølging av kvalitetskontroll
Kvalifikasjonar
Krav- Godkjent utdanning som barnehagelærar
- Gode norskkunnskapar. For søkjar utanfor Skandinavia må ein ha bestått norksprøve B2 skriftleg og muntleg
- Gyldig politiattest må fremlegges ved tiltredels
- Vera aktiv saman med barna
- Du må vera ein vaksen som ser kvart einskild barn, er lyttande og tilstades
- Sterkt ynskjeleg med spesialpedagogisk kompetanse
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å motivera og inspirert
- Arbeider sjølvstendig og ansvarleg i team
- Du er fleksibel, kreativ og her evne til refleksjon
- Du er engasjert og aktiv med barna
- Du er trygg og har gode omsorgsevner, - ser den einskilde
- Du er ein god rollemodell for barn og tilsette
- Du har evne og vilje til å skapa gode relasjonar med barn, foreldre og kollegaer
- Du er tålmodig, trygg og en god støttespiller.
Me tilbyr
- Etterutdanning
- Rettleiing av nyutdanna
- Fadderordning for nytilsette
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsmilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om oss
Dråpeslottet og Vassloppa barnehagar er gode stader å vera, leika og læra. Me er to barnehagar med trygge, erfarne og kvalifiserte tilsette som arbeider for at alle barn skal oppleva fellesskap, meistring og glede i kvardagen.
I Dråpeslottet på Gjerde er me tett på både Samnanger barneskule, naturen og sjøen. Barnehagen har mellom anna formingsverkstad og eit stort fellesrom som inviterer til leik og vennskap på tvers av avdelingane.
Vassloppa barnehage ligg nær Bjørkheim sentrum og har romslege lokale, eigen gymsal og eit stort, variert uteområde. Naturen og det flotte turterrenget rett utanfor porten gir gode høve til aktiv leik og utforsking.
I begge barnehagane arbeider me målretta med eit godt og inkluderande barnehage-, lærings- og leikemiljø. Me nyttar alternativ supplerande kommunikasjon (ASK) for å sikra at alle barn kan delta i leik, samspel og fellesskap. Barna skal få medverka og vera med på å prega sin eigen kvardag.
Visjonen vår er: «Ein god stad å vera, ein god stad å leika og læra.»Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk.
Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
28ac2c21-99e9-460a-b55c-0d9b254587e8
- Sist endret
15. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10309094