Barnehagelærar/pedagogisk leiar
Luster kommune Skjolden oppvekstsenter
Bolstadvegen 7, 6876 Skjolden
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. oktober
Vil du bli ein del av eit lite og nært oppvekstmiljø? Skjolden oppvekstsenter søkjer engasjert pedagog som har lyst til å vere med og skape ein trygg og aktiv kvardag for barna i barnehagen. Her får du arbeide tett med barna, kollegaene og nærmiljøet - på eit lite og inkluderande oppvekstsenter med 24 elevar på 1.-6.trinn og inntil 36 barnehageplassar.
Me trur at små miljø kan gje store moglegheiter. Her kjenner me kvarandre godt og samarbeider på tvers av alder og avdeling. Me brukar også naturen og nærmiljøet aktivt i kvardagen.
Det er positiv utvikling i barnetalet i krinsen. Dette året er det 17 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 11 årsverk. Barnehageavdelinga vart ombygt og utvida framfor dette barnehageåret. Det er no areal til to barnehageavdelingar, det er nytt kontor, nytt personalrom, nye garderobar og eige vognskur.
Ved Skjolden oppvekstsenter får du:- ein arbeidskvardag der du får bruke og utvikle den pedagogiske kompetansen din
- tett samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer
- høve til å vere tett på barna og gjere ein forskjell
- bruke naturen og nærmiljøet aktivt i opplæringa
- eit flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane
- kort veg til Fjordstova med symjebasseng, gymsal og klatrevegg
- utsikt over Lustrafjorden og naturen rett utanfor døra
- Ledig fast 100 % stilling som barnehagelærar ved Skjolden oppvekstsenter frå 01.11.2026
- Ledig fast 100 % stilling som pedagogisk leiar ved Skjolden oppvekstsenter frå 01.01.2027
- Menn er underrepresenterte i barnehagen og blir difor oppmoda om å søkje
- Godkjend barnehagelærarutdanning, eventuelt anna utdanningsbakgrunn som er likeverdig med barnehagelærarutdanning, jf. uttale frå Utdanningsdirektoratet
- God munnleg og skriftleg norsk, jf. barnehagelova § 28
- Har du anna førstespråk enn norsk, svensk eller dansk og mindre enn fem års erfaring i norsk barnehage/skule, må du dokumentere bestått språkkrav: A2 skriftleg og B1 munnleg
- God IKT-kompetanse
- Godkjent politiattest (må leverast før oppstart)
- Omsorgsfull og glad i å arbeide med barn
- Eit reflektert pedagogisk grunnsyn
- Trivest med å vere ute og bruke naturen som læringsarena
- Vere fleksibel, løysingsorientert og positiv
- Ein god rollemodell med gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter gjeldande lønstabell, ansiennitet og avtaleverk.
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
54a8c3dc-6eb1-4621-ba68-b8ff99914715
- Sist endret
15. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3661339_220865_nn