Hopp til innhold

Helsefagarbeidar 70% fast stilling

Arbeidsgiver

Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde

Sted

Dalavegen 29, 6856 Sogndal

Om jobben

Oppstart
1. mars 2027
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest onsdag 14. oktober

Indre Sogn psykiatrisenter, seksjon Døgn har ledig fast 70 % stilling som helsefagarbeidar med fagskuleutdanning i psykisk helsearbeid frå 01.03.2027. 

Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) organisert i seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag omfattar mellom anna allmennpsykiatrisk poliklinikk, spissa satsing på alderspsykiatri, jobbspesialistar og TSB-team. Seksjon Døgn har 13 sengeplassar og arbeider aktivt ut mot kommunane i opptaksområdet gjennom ambulant verksemd

Vi er samlokalisert med Sogndal BUP, og senteret har om lag 80-90 tilsette. Du kan lese meir om senteret og tilboda våre på Helse Førde si nettside: Indre sogn psykiatrisenter.

Vertskommunen er Sogndal, ein av få kommunar utanfor dei største byane som opplever sterk vekst. Eit variert arbeidsliv, gode utdanningsmoglegheiter og ein unik natur gjer regionen attraktiv for både arbeid og fritid. Her ligg tilhøva godt til rette for eit aktivt friluftsliv året rundt.

Les meir om regionen her.


Vi tilbyr

  • Arbeid saman med dyktige og engasjerte kollegaer i eit tverrfagleg miljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og ein aktiv arbeidskvardag
  • Interne fagdagar og undervisning som gir fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å ta initiativ og påverke din eigen arbeidskvardag
  • Å ta del i ein organisasjon i utvikling, med fokus på kvalitet i pasientbehandlinga

Arbeidsoppgåver

  • Du gir behandling og oppfølging til pasientar i døgnopphald, i samsvar med behandlingsplan
  • Du samarbeider med og involverer pårørande i pasientbehandlinga
  • Du bidreg med faglege innspel til utvikling av tenestene våre
  • Du deltek i miljøterapeutiske aktivitetar som turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar
  • Du samarbeider med kommunehelsetenesta, NAV og andre samarbeidspartnarar
  • Du deltek i legemiddelhandtering etter gjeldande retningslinjer
  • Arbeid i turnus (dag/kveld) med arbeid kvar tredje helg. Den som blir tilsett må vere innstilt på at det kan bli endringar til langvakter

Personlege eigenskapar

  • Du møter pasientar med respekt, ro og eit ope sinn
  • Du arbeider strukturert og målretta, og finn gode løysingar i kvardagen
  • Du trivst med å samarbeide i tverrfaglege team og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er motivert for fagleg utvikling og ønskjer å lære

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • Relevant fagskuleutdanning innan feltet vil bli vektlagt, men er ikkje eit absolutt krav. 
  • Interesse for fagfeltet
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sigrid Snitjer, Seksjonsleiar, 576 27 500 (sentral)

Arbeidsstad

Dalavegen 29
6856 SOGNDAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5187722269
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.03.2027
Søknadsfrist: 14.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Sigrid Snitjer

Seksjonsleiar

576 27 500 (sentral)

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

28ab0105-747a-4064-9904-0ef20e87b6b3

Sist endret

2. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c9276ec9ceb049f191e05bf22c13a442

Lignende annonser

Laster lignende annonser