Er du sjukepleiar- eller vernepleiarstudent ? Jobb eit år - få bonus !
Herøy kommune, Pleie- og omsorgsavdelinga
Sjukeheimsvegen 5B, 6092 Fosnavåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Stillingar på helg/ferie med bonus i pleie og omsorg og bu og habilitering
Type ansettelse
Engasjement, deltid 11%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. september
Vi søker engasjerte sjukepleiar- og vernepleiarstudentar som ønsker verdifull erfaring og eit ekstra løft i studietida. No tilbyr vi ei eiga stilling med bonusordning for deg som vil jobbe hos oss i eitt år!
Herøy kommune tilbyr stipend på 30 000 kr årleg til studentar som går 1., 2. eller 3. året. Avtalen gjeld for eit år i gongen, og stipendet blir utbetalt som eit eingongsbeløp når avtaleperioden er over. For å få stipend må den tilsette jobbe tolv helgar i året og fem veker om sommaren i hovudferieavviklinga.
Det er ledig åtte stillingar, av desse er fem i pleie og omsorg og tre i bu-og habilitering. Skriv i søknaden dersom du har ønske om arbeidsstad.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- er i eit utdanningsløp innan sjukepleie eller vernepleie
- har erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- må ha sertifikat klasse B for å arbeide i heimetenesta
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- likar å arbeide med menneske
- ønsker å samle praktisk erfaring under utdanning
- samarbeider godt i team
- er strukturert og lærevillig
- er løysingsorientert og fleksibel
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- kommunen har eigen lønsstige til studentar i relevant utdanningsløp
- pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
Informasjon til søkar:
- kommunen har stipendordning med 30.000 kroner som eingongssum
- du må binde deg til å arbeide i heil stilling i fem veker i hovudferien (juni til august) og minimum tolv helgar i året (to til tre av helgene må vere i hovudferien)
- det er ikkje mogleg å inngå avtale for delar av avtalen
- ved brot på avtalen fell stipendet bort
- dersom du sluttar på studiet, fell stipendet bort
- ved alt fråvær må vaktene jobbast inn igjen
- arbeidsgivar tildeler arbeidsstad etter behov
Tilsetting på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Rose-Marie Kvalsund, Avdelingsleiar bu og habilitering, +47 990 98 023Gry Dragsund-Vike, Avdelingsleiar pleie og omsorg, +47 98075478
Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5B6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4999359640
Stillingsprosent: 11%
Engasjement
Søknadsfrist: 01.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Gry Dragsund-Vike
Avdelingsleiar pleie og omsorg
+47 98075478
Rose-Marie Kvalsund
Avdelingsleiar bu og habilitering
+47 990 98 023
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
28aa86c7-8c1e-405f-9fc8-deff524431a2
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8fd2c03940604edab4045142fa259703