MTU/IKT-rådgivar
Medisinsk teknologi, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
MTU/IKT-rådgivar
Oppstart
15. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Er du interessert i og har bakgrunn innan medisinsk teknologi og IKT, og ønsker å vere med å bidra til betre pasienttilbod i Helse Møre og Romsdal?
Medisinsk teknologi HMR har ledig stilling som MTU/IKT-rådgivar.
Medisinsk teknologi er organisert i stabsavdeling E-helse og teknologi saman med generell IKT, klinisk IKT og Helseplattformen. MTU/IKT-området har dyktige medarbeidarar som ser fram til å få deg med på laget!
Verdiane våre er "kvalitet, tryggleik og respekt" og slagorda i vår avdeling er "nær, smidig og kompetent".
Medisinsk teknisk utstyr (MTU) blir stadig meir komplekst, med integrasjonar mot eit eller fleire IT-system for klinisk støtte. MTU/IKT-området er i rask utvikling med høge krav til kompetanse for dei som forvaltar medisinsk-teknologiske system. Dette er ein unik sjanse for deg til å jobbe i eit høgteknologisk miljø som understøttar arbeidet med medisinsk-teknisk utstyr og den kliniske pasientbehandlinga i Helse Møre og Romsdal.
Vi er ute etter ein dedikert IT ressurs i vår stab, som også ønskjer å lære meir om medisinsk teknisk utstyr.
Arbeidsstad vil primært vere Ålesund, men ein må pårekne å reise mellom dei andre sjukehusa i HMR ved behov, og elles samarbeide tett med interne og eksterne samarbeidspartar.
Arbeidsoppgåver
- Installasjon, integrasjon, dokumentasjon, drift og vedlikehald av MTU-relaterte IKT-system
- Gi IKT-støtte til medisinsk-teknisk personell
- MTU/IKT-støtte til klinisk personell
- Koordinering av IKT-oppgåver ved innføring og vedlikehald av MTU/IKT-system
- Oppfølging av system- og tenesteleverandørar
- Opplæring av teknisk og klinisk personell
- Delta i anskaffingsprosessar, utarbeiding av prosedyrer og ROS-vurderingar
- Vere ressurs i IT-sikkerhetsarbeid og forbetring av rutiner og kultur
- Bidra i regionale fellesoppgåver i Helse Midt-Norge innan MTU/IKT-området
Kvalifikasjonar
- Universitet/høgskule/teknisk fagskule, innan relevante studieretningar som: IT/IKT, elektronikk, automatiseringsteknikk e.l.
- Generelt god kunnskap innan IKT; nettverk, servere ++
- Kjennskap til installasjon, distribusjon og konfigurasjon av applikasjonar
- Erfaring frå drift og support av IKT-system er ønskeleg
- God kunnskap om informasjonstryggleik og personvern
- Erfaring frå arbeid innan området medisinsk teknologi vert vektlagt
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Strukturert, sjølvstendig, effektiv og likar å arbeide i team
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Må kunne takle hektiske, akutte situasjonar og er i stand til å prioritere fortløpande
- Har positiv serviceinnstilling overfor kollegaer og øvrige tilsette på sjukehuset
- Du må ha ei grunnleggande interesse for teknologi i samspel med menneske
- Du må ha gode evner til å kommunisere med brukarar av MTU, leverandørar og andre samarbeidspartar internt og eksternt
Personlege eigenskapar vert vektlagt i tilsettinga
Vi tilbyr
- Spanande og utfordrande oppgåver i eit teknologimiljø der IKT i kombinasjon med moderne avansert medisinsk teknisk utstyr vil gi ein variert og meiningsfylt kvardag.
- Sterkt tverrfagleg samarbeid.
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Rudi Lade, MTU/IKT-rådgivar, +47 47947190, rudi.peder.lade@helse-mr.noPeter Inge Østrem, Avdelingssjef, +47 91118933, Peter.Inge.Ostrem@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4959632958
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 15.08.2025
Søknadsfrist: 06.07.2025
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
289f6458-db48-488c-b317-d55d1fa3df60
- Hentet fra
talentech
- Referanse
13e2a5c6467b41eb850833f68086cdb8