Trainee hos BKK: Digital utvikling
Framtidsfylket AS
Firdavegen 5, 6800 Førde
Om jobben
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
BKK AS sørgjer for at du kan lade dine digitale einingar heime, og at du har lys i lampa. Vi er eit av dei største nettselskapa i Noreg og leverer straum, driftar og utviklar straumnettet til kundar på Vestlandet. Vi jobbar dagleg med innovasjon, utforsking og bruk av ny teknologi, og vi jobbar med å løfte oss som selskap ved å ta i bruk data på heilt nye måtar.
Traineestillinga vil inngå i Teknologi og Utvikling. Vi er ei eining som driv selskapet si digitale reise innan datautnytting og digitalisering.
Vi tilbyr spennande oppgåver innan:- Dataanalyse og statistikk
- Sikkerheit og integrasjonsarbeid
- Programmering og dataforvaltning
- Digitalisering og automatisering
Vi jobbar med moderne teknologiar som Azure, Microsoft Dynamics, Microsoft Power Platform, Python, C# og Github. Teknologi og Utvikling er lokalisert i Førde og Bergen.
- Du vert ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø som jobbar med dei nyaste teknologiane og verktøya som gir fart, læring og konkurranseevne for selskapet.
- Som trainee i Teknologi og Utvikling vil du være med på å bygge framtidas elektriske, digitale og berekraftige løysingar.
- Konkurransedyktige velferdsordningar og et bredt aktivitetstilbod i konsernet
- Du vert ein del av Eviny-konsernet med fagleg og sosial breidde.
Vi har eit ungt arbeidsmiljø med mange nytilsette dei siste åra, og ulike aktivitetar og samlingar gjennom året er med på å skape et godt arbeidsmiljø.
Du vil ha moglegheit til å bli vurdert for fast tilsetjing etter avslutta traineeperiode.
Kven er du som søker?- Du er nysgjerrig på nye løysingar og synsvinklar
- Du er lærevillig og set seg raskt inn i nye verktøy og problemstillingar
- Du likar å jobbe tverrfagleg, er opptatt av å sjå resultat og tar initiativ
- Du evnar å sjå det store bildet og konsekvensane av endring
- Du ynskjer å ta del i vår digitale reise
Om du er samfunnsvitar, utviklar eller ingeniør er ikkje så viktig, men du må ha interessa for teknologi, digitalisering og utviklingsprosessar.
Traineekvardagen i BKK ASDu vil være med på å bygge opp og utvikle kompetansegrupper innanfor digitalisering, og du vil jobbe i eit tverrfagleg team som jobbar med utvikling av system og digitale verktøy. Vi skal saman jobbe med integrasjonsgrensesnitt mellom fagsystem, tileigne oss erfaring med analyse, samt predikere data til forbetring av dagleg drift. Du vil jobbe tett opp mot svært kompetente fagmiljø både internt i selskapet og eksternt mot ein bransje og einmarknad i sterk utvikling.
Du vil få kontorplass i BKK AS sine lokale i Energihuset i Førde.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee i eitt år, frå august til august.
Spørsmål? Ring seksjonsleiar Tony Kiil, tlf. 91727185 for ein hyggeleg prat. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Om bedriften
Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.
Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!
Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.
Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.
Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!
Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.
Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.
Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.
Les meir på Framtidsfylket.no
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2899f121-24ab-4978-8a57-52648b7f51ea
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
karriere.no
- Referanse
21a38cd5-71c5-4fcf-b17c-b26021193ff3
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Visere
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Visere
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Visere
Sted
Førde