Hopp til innhold

Kantine- kafémedarbeidar 

Arbeidsgiver

Drift- /teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Kantine/kafémedarbeidar
Oppstart
1. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Har du erfaring frå kantine og/eller kafédrift?
Engasjert kafémedarbeidar søkes til å skape gode opplevingar for tilsette, pasientar og pårørande.

Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.

Hospitaldrift Matforsyning har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.

Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for drift av 3 matutsal på sjukehuset og betener over 2.000 gjester dagleg. Til dette treng vi flinke og framoverlente kafémedarbeidarar.
 
Vi har no ledig 100% vikariat som kantine-/kafémedarbeidar ved Hospitaldrift Matforsyning- Kafé. Vikariatet er ledig frå 01.04 til 30.09.2026.  
 
Stillinga inngår i avdelinga si gjeldande turnusordning med arbeid pt. mandag til fredag mellom kl. 07.00 - 19.00. Det tas forbehold om at turnus og arbeidstid kan bli endra.
 
Vi søker etter ein fleksibel, sjølvstendig og ansvarsbevisst medarbeidar som ønsker å bidra til et godt fellesskap. Aktuelle kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen. 


Arbeidsoppgåver

  • Yte profesjonell service og kundebehandling
  • Betening av kasse - betalingssystem
  • Tillaging av både varm og kald mat
  • Vareeksponering
  • Reinhald, oppvask og rydding
  • Anna forefallande arbeid etter behov
  • Bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg på nivå med B2 eller tilsvarande. Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumenterast
  • Erfaring frå kantine- eller kafédrift og kundebehandling
  • Vere serviceinnstilt og imøtekommande
  • Ha kjennskap til IK-mat
  • Vere løysingsorientert
  • Over 18 år
  • Taklar fysisk krevande arbeid

Personlege eigenskapar

  • Er kundevennleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Har god orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Evner til å sette seg inn i kundens ønsker og behov
  • Er strukturert og nøyaktig
  • Er fleksibel og kan arbeide i eit hektisk miljø
  • Er fagleg interesse og engasjement
  • Evner til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit aktivt bedriftsidrettslag
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

René Kaser, Seksjonsleiar, 55974905

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5099453889
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.04.2026
Sluttdato: 30.09.2026

Kontaktperson for stillingen

René Kaser

Seksjonsleiar

55974905

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

289240b6-04fa-4f8e-853b-f780af6d9080

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0e2a40eeb2ad4655ae738eee84b623fd

Lignende annonser

Laster lignende annonser