Teknisk inspektør
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Strandavegen 15, 6900 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Teknisk inspektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
2
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet og gjennom nye anbodskontrakter har Fjord1 dei sista åra teke ein leiande posisjon innan vår bransje. Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og med ei av verdas mest teknisk avanserte fartøysporteføljer, skal vi vere best i bransjen på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport!
Vi treng to tekniske inspektøra til vår driftsorgansisasjon i Florø. Ein av stillingane kan være aktuell å lokalisere i Nord-Norge for rette vedkommande.
Som teknisk inspektør vil du i lag med ditt team få ansvar for ei definert fartøyportefølje. Dette betyr mellom anna at du vert ansvarleg for fartøya sin tekniske tilstand, og for at dei til ei kvar tid er teknisk operative.
Stillinga er lokalisert i eit større team på omlag 15 engasjerte kollegaer med mykje erfaring og høg kompetanse, samt eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med høgt tempo.
Er du detaljorientert, teknisk kyndig og opptatt av kvalitet? Då håpar vi at denne stillingen trigga di interesse!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk oppfølging av fartøy
- Planlegging og oppfølging av vedlikehald, reparasjonar og verkstadopphald
- Oppfølging av vedlikehaldssystem (Amos)
- Oppfølging av budsjett/økonomi
- Koordinering mot Sjøfartsdirektoratet og klasseselskap
- Stillinga innebærer ein del reising
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, t.d maskin, nautikk eller anna teknisk fagretning
- Kjennskap til skip/maritim drift
- Kjennskap til skipselektro
- Gode norsk- og engelskkunnskapar
- God kjennskap til bruk av IT som arbeidsverktøy
Personlege eigenskapar
- Strukturert og systematisk arbeidsform
- Proaktiv, resultatorientert og fleksibel
- Sjølvstendig og beslutningsdyktig
- Gode samhandlings og kommunikasjonsferdigheiter
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og sjølvstendig stilling
- Moglegheit for å lære, vekse og utvikle seg
- Dyktige kollegaer
- Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
- Godt arbeidsmiljø
- Fleksible arbeidsordningar
- Gode velferdsordningar
Kontaktinformasjon
Simen Reksten Solheim, Operativ leiar , 99533482, simen.solheim@fjord1.noMalin Steinset, HR Rådgjevar, +4747393997, malin.steinset@fjord1.no
Arbeidsstad
Strandavegen 156900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4672950165
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2023
Om bedriften
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2362808
- Hentet fra
talentech
- Referanse
53b96eb0ff9f4642b61ee0649d6c9817