Fagkonsulent
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9, 6516 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Fagkonsulent
Oppstart
1. oktober 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
4
Bli vår nye kollega? Vi har eit breitt og godt fagmiljø, og vi er ein sosial gjeng der tilsette tar initiativ til sosialt samvær og aktiviteter!
Vi har no ledige stillingar for fagkonsulent. I seksjon vår er vi omlag 20 fagkonsulentar med variert bakgrunn. Vi har mellom anna psykiatriske sykepleiarar, vernepleiarar med vidareutdanning, sosionomar og barnevernspedagar. Fagkonsulenten samarbeider med bl.a legar, psykologar, fysioterapeutar og andre tilsette med helse- og sosialfagleg utdanning på høgskole-/universitetsnivå.
Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Poliklinikken har som satsningsområde utvikling av psykosekompetanse, samt vidareutvikle kompetanse på traumelidelse, spiseforstyrring og behandling av samansette rus og psykiske lidingar (ROP). Det er ønskjeleg med kompetanse innanfor desse lidingane. Dersom ein ikkje har spesifikk kompetanse innanfor desse lidingane, vil det leggjast til rette for kompetanseheving.
Poliklinikken har i dag 54,5 stillingar og er ein almennpsykiatrisk poliklinikk. Vi har organisert verksemda i fleire ulike team. Desse teamene er eit almennpsykiatrisk team, eit oppfølgingsteam, eit ROP team og eit avklaring- og utgreiingsteam. I tillegg har poliklinikken også eit distriktsteam lokalisert i ein av våre opptakskommuner. Vi har også eit ambulant akutteam og eit FACT team, begge desse er lokalisert utanfor poliklinikken. Dei utlyste stillingane er pr d.d tilhøyrande i almenpsykiatrisk team og i oppfølgingsteam.
Oppstart for dei faste stillingar er frå snarast. Vikariata er ledige i perioda frå snarast og t.o.m. 31.08.2024 med mogelegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i samarbeid med spesialistar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
- Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester
- Vidareutvikling av behandlingstilbodet
Kvalifikasjonar
- 3- årig helse- og/ eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå med relevant vidareutdanning frå høgskole/universitet som er relevant for arbeid med pasientgruppa
- Utdanning i terapiretning og med erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskeleg
- Anna relevant utdanning og klinisk erfaring kan også vurderast
- Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er strukturert og målretta
- Du er nytenkande og endringsorientert
- Du liker å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
- Du kommuniserer godt både internt og eksternt
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne kollegaer
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Internundervising og moglegheit for vidare- og etterutdanning
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mykje natur å by på, varierte turmulegheiter i både skog, fjell og fjord. Her er det gode miljø innanfor klatring og friluftsliv og det er nyleg etablert eit innandørs klatresenter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her Kristiansund Kristiansund | Sundbåten, klippfisk og Atlanterhavsveien
Instagram
KULTURBYEN KRISTIANSUND
Kristiansund Klatresenter
#nordmøre på Instagram
Kontaktinformasjon
Jørgen Lægreid, Seksjonsleiar, 92849056, Jorgen.Legreid@helse-mr.noArbeidsstad
Hagan 96516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4704824938
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.10.2023
Sluttdato: 31.08.2024
Søknadsfrist: 01.10.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2436361
- Hentet fra
talentech
- Referanse
724cd425dcf040989f747515e34de7ca