Vikariatstillingar på helg ved Hamretunet
Open omsorg indre, Bremanger kommune
Svelgen Panorama 1, 6723 Svelgen
Om jobben
Stillingstittel
Vikariatstillingar på helg ved Hamretunet
Antall stillinger
2
I Bremanger kommune, for tida ved Open omsorg indre, Hamretunet, er der ledig 2 vikariatstillingar på helg, 25%. Vi søkjer medarbeidarar som har interesse for faget. Stillingane er ledig frå snarast.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg med erfaring frå pleie og omsorg, gjerne ferdig utdanna – eller under utdanning innen helse – og sosialfag.
- Like å arbeide i team
- Vere innstilt på endringar
- Legge fram politiattest av nyare dato
- Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er ein motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert medarbeider. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget til det beste for våre brukarar. Arbeidet inneheld også å rettleie, hjelpe til i pleie – og til ivareta dei daglege funksjonane til brukarane. Sidan miljøarbeid er ein viktig del av arbeidet, er det viktig at du likar å vere aktiv og engasjerar deg i arbeidet med brukarane.
Serviceinnstilling og personleg egnaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
- I påska 2022 flytta brukarane og dei tilsette inn i heilt nye lokaler
- God pensjonsordning og heildøgns forsikring
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling
- Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!
Kontaktinformasjon
Linda Førde, Driftssjef Open omsorg indre, 48242382Arbeidsstad
Svelgen Panorama 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4693009695
Stillingsprosent: 25%
Vikar
Søknadsfrist: 10.12.2023
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2403915
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0c137d073492413aba9f714d74937051