Sognacamp søker fotograf
Sogn Næring As
Trolladalen 30, 6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Sogn Næring søker fotograf til Sognacamp 2025 – ein jobb der du dokumenterer ein sommar fylt med aktivitetar, festivalar og naturopplevingar. Du får fagleg utvikling, bygge portefølje og vere del av eit engasjert team i spektakulære Sogn. #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Stillingstittel
Fotograf
Oppstart
23. juni 2025
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 22. april
Hva vi ser etter
Vi ser etter ein nysgjerrig, engasjert og sjølvstendig fotograf som likar å møte folk, formidle historier og arbeide ute i felt. Du må trivast med å jobbe aleine når det trengst, men også samarbeide tett med andre i eit lite team.
Du bør ha eit godt blikk for situasjonar og detaljar, vere fleksibel og løysingsorientert, og like å jobbe i eit variert og til tider hektisk miljø.
Vi ser etter deg som:
-
Har evne til å skape tillit og fange ekte augeblink
-
Er sjølvstendig og strukturert, og klarer å halde framdrift i eigne oppgåver
-
Har teknisk forståing og kreativ sans
-
Er komfortabel med å jobbe både bak kamera og i etterarbeidet
-
Har interesse for menneske og samfunn -- og ser verdien i prosjekt som bidreg til utvikling og inkludering
Du treng ikkje ha lang erfaring, så lenge du har dokumenterte ferdigheiter, motivasjon og vilje til å lære. Vi oppmodar også deg som er ny i arbeidslivet, men har ein sterk visuell profil, til å søkje.
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Arbeidsoppgaver
Som fotograf for Sognacamp 2025 får du ansvar for å dokumentere ein fem veker lang sommarcamp gjennom foto og video. Du skal fange stemninga, menneska og landskapet, og formidle det visuelle uttrykket til prosjektet både i sosiale medium og andre kanalar. Dette inkluderer alt frå portrett og situasjonsbilete til actionfylte aktivitetar og festivalar.
Du vil vere med på planlegging av innhald, samarbeide tett med kommunikasjonsansvarleg og sjølvstendig gjennomføre foto- og filmoppdrag ute i felt. I tillegg redigerer du innhaldet til ferdige produkt i tråd med visuell profil og tekniske krav.
Arbeidsoppgåvene omfattar:-
Fotografering og filming av aktivitetar, deltakarar og landskap
-
Produksjon av korte og lengre videoinnslag
-
Redigering og etterarbeid av foto og video
-
Lagring og organisering av råmateriale og ferdige filer
-
Planlegging og koordinering av oppdrag i samarbeid med teamet
-
Levering av ferdig innhald til bruk i marknadsføring, rapportering og dokumentasjon
-
Deltaking på utvalde arrangement og aktivitetar som ein del av dokumentasjonsoppdraget
Stillingen krev stor grad av sjølvstende og initiativ, men du vil samstundes vere del av eit fagleg fellesskap som støttar deg gjennom oppdraget.
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Vi tilbyr
Dette er er sommerjobben for deg som ønskjer ei meiningsfull, kreativ og utviklande rolle i eit prosjekt som verkeleg betyr noko. Du får høve til å arbeide i nokre av dei vakraste omgjevnadene i landet, saman med eit dedikert og uformelt team som heiar på deg og ideane dine.
Vi tilbyr:
-
Tilgang til bil
-
Tett fagleg oppfølging frå kommunikasjons- og prosjektteamet
-
Moglegheit til å delta på aktivitetar og festivalar som ein del av dokumentasjonsoppdraget
-
Ein sosial og variert arbeidskvardag der du får stort handlingsrom
-
Verdifull erfaring med innhaldsproduksjon for eit offentleg rekrutteringstiltak
-
Bygging av eit sterkt nettverk i næringsliv, offentleg sektor og studentmiljø
-
Moglegheit til å vise fram arbeidet ditt på synlege plattformer og i offentlege kanalar
-
Gratis bolig hvis du kjem utanifra
Dette er ikkje berre ei stilling -- det er ei sommaroppleving som gir deg både fagleg og personleg utvikling.
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sogn Næring AS er eit utviklingsselskap med base i Sogndal. Vi arbeider for å styrke lokalt næringsliv, rekruttering og samfunnsutvikling i Sogn -- i tett samarbeid med bedrifter, kommunar og utdanningsmiljø. Vi brenn for å skape gode rammer for unge som ønskjer å arbeide og bu i regionen.
Eitt av våre viktigaste initiativ er Sognacamp -- eit fem veker langt sommarprogram for studentar med sommervikariat i Sogn. Gjennom Sognacamp får deltakarane både relevant arbeidserfaring, ei sosial og aktiv fritid, og eit tett møte med alt regionen har å by på. Bedriftene sørgjer for det faglege innhaldet -- vi tek oss av resten.
Målet vårt er å vise at Sogn ikkje berre er ein stad å besøke, men ein stad å satse på.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2897974
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
2845eb9f-22c8-4048-a3e6-b97afad51216