Tannlege
Sandane tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Grandavegen 12, 6822 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tannlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vestland tannhelseteneste – Sandane tannklinikk har ledig 100% fast stilling som tannlege. Startdato etter avtale.
Sandane er administrasjonssenteret i Gloppen kommune, og har eigen flyplass. Sandane ligg innerst i Gloppefjorden, med mogelegheiter for fantastiske naturopplevingar både sommar og vinter. Det er blandt anna skisenter på Utvikfjellet og utandørs svømmebasseng på Byrkjelo. På Sandane er det flott idrettshall med badeland.
Det er eit tett samarbeid mellom tannklinikkane på Sandane, Nordfjordeid og Stryn, sidan desse er utgjer Nordfjord klinikkområde med felles klinikkleiar.
Sandane tannklinikk er ein klinikk for 2 tannlegar, 2 tannpleiarar og 2 tannhelsesekretærar. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldrar.
Arbeidsoppgåver
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege og beherske norsk munnleg og skriftleg. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram gyldig politiattest. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk.Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Vi søkjer deg som:
- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har gode samarbeidsevner
- Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Ønsker å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
- ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode mogelegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging av klinikkleiar og kollegaer
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår gjennom fylkeskommunen
Andre opplysningar
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om det er oppmoda om ikkje å bli ført offentleg søkjarliste. Om det er bedt om unntak, vil søkjaren bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010, elisabet.skrede@vlfk.noArbeidsstad
Grandavegen 126822 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4897737875
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.01.2025
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2825319
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0a4a49ec72f744438ed532c873bfc0dc