Vil du gjera ein forskjell, men har døgnrytme som ein katt? Kom til oss og ha din arbeidstid på natt
Bø Sjukeheim, avd. Jønneberg/Vihus
Gamleveg 43, 3800 Bø i Telemark
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus, natt, alle dager
Antall stillinger
1
Me har ein ledig sjukepleiarstilling, 80% stilling på natt med arbeid kvar tredje helg. Oppstart frå april 2023.
Me søker deg som er fagleg sterk, strukturert og ansvarsfull, og har lyst til å bidra med alle dine beste eigenskaper til det beste for våre pasientar og kollegaer!
Her hos oss på Bø sjukeheim, avd. Jønneberg/Vihus, har me fire langtids avdelingar med sju beboere på kvar avdeling. I tillegg har me ein korttidsavdeling med sju plassar. Me er mellom 60-70 faste ansatte, og mange jobbar i høg stillingsprosent.
Me har og eigen tilsynslege i 100% stilling på institusjonane i kommune, Bø sjukeheim og Sauherad Bygdeheim.
Legen har faste visittdagar på alle avdelingane.
Pasientane som kjem til oss har sammensatte og komplekse behov. Pasientane blir raskt utskreven frå sjukehus og mange er fortsatt under behandling når me overtek oppfølginga. På natt jobbar du i team tilsamans med helsefagarbeidar, men det er du sjukepleiar som har eit overordna ansvar for avdelinga og pasientane.
Våren 2022 ble det lagd ny grunnturnus og i den forbindelse ble det lagt inn faste fagdagar for alle tilsette slik at ein får avsatt tid til fagleg påfyll. Fagutvikling er eit satsningsområde hos oss, og me legger tilrette for at tilsette skal få videreutvikle seg i form av kurs/videreutdanninger, og for å jobbe med områder dei har spesielt interesse for gjennom ressursgrupper.
Me har to fagleierar som jobbar blant annet med fagutvikling i avdeling, og som ein av våre faste tilsette vil du bli sertifisert i prosedyrar, medisinsk teknisk utstyr og HHLR Hjarte-lunge-redning. Fagleierane er også stedfortredar når avdelingsleiar ikkje er tilstade.
Hos oss er involvering av dei tilsette høgt prioritert og det er jevnlege møter mellom avdelingsleiar, tillitsvalgte og verneombud. Vi har også personalmøter og sjukepleiemøter ca ein gang i måneden. Me har stor tru på å involvere dei tilsette i prosessar, og meiner at dei beste løysingane finner me tilsamans.
ArbeidsoppgåverHeilhetleg sjukepleie til pasientar med sammensatte behov.
Medisinering
Sjukepleieprosedyrar
Journalføring og dokumentasjon
Samarbeid med øvrige personal på natt ved sjukeheimen
Bakvakt for skjerma avdeling må påregnas
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar
Kunnskap/beherske data som verktøy. Vi brukar Visma Profil som EPJ
Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege egenskaparOpptatt av fagleg kvalitet
Sjølvstendig og ansvarsfull
Gode kommunikasjon- og samarbeidsevnar
Strukturert, løysningsorientert og positiv
Personleg egnethet vil tilleggas stor vekt
Evne til å ivareta og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyrFagdag som er fastsatt i grunnturnus hver 3.måned
Moglegheiter for fagleg utvikling i form av kurs/videreutdanning
Jevlege møtepunkt; personal, -sjukepleie og -nattevaktsmøter.
Ressursgrupper innenfor ulike fagområder
Internundervisning
Eit ledarteam bestående av ein avdelingsleiar og to fagleierar
Funksjonstillegg på 20.000,- i året i 100 % stilling, som prosentjusterast etter stillingsprosent.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Særskilt for stillingaKrav om politiattest jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Må leverast før oppstart i stilling.
E-læringskurset Nytilsette i Midt-Telemark kommune, skal tas før oppstart i stilling
AnnaAktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Rettkjend kopi av attestar og vitnemål leverast i forbindelse med intervjuet.
Søknaden sendastSøknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Om bedriften
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2228889
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
281e772f-d849-4874-afcf-1b02dc669260