Har du lyst til å jobbe med driftsoppgåver på sjukehus?
Bemanningssenteret, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assistent - reinhald, kjøkken og vaskeri - faste stillingar i Bemanningssenteret
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Vi treng fleire fast tilsette vikarar i 100% fast stilling, som kan gå inn i Ressurstteamet vårt. Våre medarbeidarar dekker viktige arbeidsområde i driftsavdelingane våre på sjukehuset.
Medarbeidarar som blir tilsett får opplæring i arbeid ved Hospitaldrift Reinhald, café, Matforsyning og Vaskeri. Dei som blir tilsett vil få god opplæring og skal jobbe innan alle desse fagområda, ut frå dei behova som blir meldt til Bemanningssenteret. Dette er ein stilling med mykje variasjon i arbeidet og kor ein får god innsikt i drifta i sjukehuset.
På oppdrag frå Hospitaldrift planlegg Bemanningssenteret kor vikarane til ei kvar tid skal arbeide. Medarbeidarane har fast turnus med arbeidstid 07.00-15.00, og pt arbeid kvar 4. helg.
Vikarane våre er viktige arbeidstakarar i Hospitaldrift og vi søker deg som sett store krav til deg sjølv når det gjeld kvalitet i arbeidet. Stor variasjon i arbeidet og fleire arbeidsstader krev svært gode norskkunnskapar og gode kommunikasjonsevner. Arbeidet kan vere fysisk krevande og krev god helse. Det er ein fordel med erfaring frå fleire av fagområda i Hospitaldrift.
Arbeidsoppgåver
HOSPITALDRIFT REINHALD
- Dagleg reinhald av pasientområde, kontorlokale og fellesareal
- Vask og reiing av senger
- Smittevask/spesialreinhald
HOSPITALDRIFT VASKERI
- Mottak og sortering av skittentøy
- Handtering av tøy ved hjelp av ulike maskinar
- Sortering og pakking av reint tøy
HOSPITALDRIFT MATFORSYNING (Kjøkken - Kantine - Keitering - Konferanse)
- Varemottak og pakking av mat
- Assistere i matproduksjon
- Servering av mat/betening av kasse
- Rydding og oppvask
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå eit eller fleire av fagområda
- Gode kunnskapar i norsk
- Forståing av logistikk- og transportsystem
- God kunnskap om hygiene
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og fleksibel
- Likar og meistrar varierte arbeidsoppgåver
- Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- Punktleg og nøyaktig
- Serviceinnstilt
- Helse til fysisk krevande arbeid
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver i gode fagmiljø med hyggelege kollegaer
- God opplæring
- Lønn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4996372028
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Cathrine Fauske Haferkamp
Seksjonsleiar
99426755
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
281cb0a8-3927-439b-ad59-78674535c0f1
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1f1746327e154416a776b4f22791a3b4