Utbyggingsleiar
Teknisk drift og infrastruktur, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Om jobben
- Stillingstittel
- Utbyggingsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. november
Vinje kommune står framfor fleire spennande og omfattande utbyggingsprosjekt og søkjer difor ein utbyggingsleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er organisert i tenesteområdet Teknisk drift og infrastruktur (TDI) og rapporterer til kommunalsjef TDI.
Utbyggingsleiaren vil ha det overordna ansvaret for kommunen si prosjektportefølje innan byggje- og anleggsprosjekt, og spele ei sentral rolle i planlegging, styring og gjennomføring av prosjekt frå tidlegfase til ferdigstilling.
Teknisk drift og infrastruktur er ei sentral eining i kommunen og har ansvar for drift, vedlikehald og forvaltning av mellom anna veg, vatn, avløp og kommunale bygg. Eininga har òg ansvar for prosjekt- og byggjeleiing av kommunen sine investeringsprosjekt innan desse fagområda. Prosjekta spenner frå mindre vedlikehalds- og rehabiliteringstiltak til større og komplekse utbyggingar, som til dømes skulebygg, helsebygg, vassverk, avløpsanlegg og veganlegg. Utbyggingsleiaren vil vere ein sentral pådrivar for å sikre god framdrift, kvalitet, økonomistyring og måloppnåing i prosjekta.
Arbeidsoppgåver
- Leie og koordinere kommunale bygge- og anleggsprosjekt frå tidlegfase til ferdigstilling.
- Vere byggherre sin representant i gjennomføringa av prosjekt.
- Planlegge og fylgje opp prosjekt i høve framdrift, økonomi, kvalitet og HMS.
- Utarbeide og fylgje opp konkurransegrunnlag, anbod og kontrakter i tråd med gjeldande regelverk.
- Leie og koordinere prosjekteringsarbeid i samarbeid med rådgjeverar, brukarar og andre relevante aktørar.
- Utarbeiding av politiske saker, og rapportering til administrativ og politisk leiing.
- Delta i budsjett- og økonomiplanarbeid knytt til investeringsprosjekt.
- Delta i utvikling og oppfølging av kommunen si investeringsportefølje.
- Oppgåver knytt til drift og forvaltning innanfor tenesteområda kan òg inngå i stillinga.
Kvalifikasjonar
- Ingeniørutdanning frå høgskule eller universitet innan bygg eller andre relevant fagområde.
- Erfaring frå prosjektleiing og byggjeleiing.
- God forståing for økonomistyring, kontraktsoppfølging og prosjektgjennomføring.
- Erfaring frå prosjektering er ynskjeleg.
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
- Gode samarbeidsevner og evne til å skape resultat i samhandling med andre.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Vi tilbyr
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer
- Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen
- Løn etter avtale og kvalifikasjonar. Stillinga er plassert i HTA kapittel 5.
- Kilometergodtgjering etter statens satsar, mellom arbeidsstadene
- Gode barnehagetilbod
- I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk.
- I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
Kontaktinformasjon
Kjetil Midtgarden Vaagen, Kommunalsjef teknisk drift og infrastruktur, 41447411, kjetil.vaagen@vinje.kommune.noArbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5188305885
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Kjetil Midtgarden Vaagen
Kommunalsjef teknisk drift og infrastruktur
41447411
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
280de9b5-3b7e-45ca-a6b5-82e0153f11fe
- Sist endret
15. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d2c8948711e344a6af09cf0e4bb7ead3